Tider og stader for førehandsstemming og valtinget i Askvoll valkrets
Førehandsstemming for kyrkjevalet går føre seg i perioden 10. august til 8. september, og sjølve valtinget går føre seg 10.-11. september.
Her er ein oversikt kvar og når du kan stemme.
Valstyret vil legge til rette for digital avstemming i vallokala i den grad det let seg gjere.
Informasjon om korleis du stemmer vil komme seinare her.
1. Tider og stader for førehandsstemming (perioden 10. august-8. september) vert:
a) Nasjonal førehandsstemming på Askvoll kyrkjekontor torsdag 31. august kl 15:00 – 20:00
b) Førehandsstemming etter gudstenesta i Askvoll kyrkje søndag 13. august kl. 11:00
c) Førehandsstemming på kyrkjekontoret kvar tysdag kl. 12:00-14:00
d) Førehandsstemming på Askvollheimen måndag 28. august kl.10:30 – 12:30
e) Førehandsavstemming på Askvoll rådhus lørdagane 12. august og 2. september kl. 11:00-14:00
2. Tider og stader for ordinært valting vert:
Røystekrins |
Røystestad |
Opningstid for røysting 10. september |
Opningstid for røysting mandag 11. september |
Bulandet og Værlandet |
Bulandet skule |
|
Kl. 13:00-18:00 |
Atløy |
Atløy Kulturhus |
|
Kl. 13:00-18:00 |
Askvoll |
Askvollhallen |
Kl. 15:00-19:00 |
Kl. 09:00-19:00 |
Holmedal |
Holmedal bygdehus |
|
Kl. 09:00-18:00 |
Stongfjorden |
Stongfjorden grendahus |
|
Kl. 13:00-18:00 |
Gjelsvik |
Gjelsvik skule |
|
Kl. 13:00-18:00 |