Smittevernreglar


Nye smittevernreglar gjer at gudstenester og aktivitetar i kyrkja ikkje vil gå som normalt dei neste vekene. Begravelsar med maks 50 deltakarar kan likevel gjennomførast.

 

- Vi hadde håpa at året skulle starte annleis. Når Noreg stengjer ned i to veker, må kyrkja også forhalde seg til det, seier direktør i Kirkerådet Ingrid Vad Nilsen.
Den nye nasjonale nedstenginga vil påverke samtlege planlagde aktivitetar i kyrkja. Det blei klart etter eit møte mellom kirkerådsdirektøren, preses i Bispemøtet, KA og Norges kirkevergelag om dei nye restriksjonane regjeringa presenterte søndag kveld.
Dette er dei nye smittevernreglane for kyrkja frå 4. januar:
•    Forbod mot fleire enn 50 deltakarar i begravelse, og 10 deltakarar på andre arrangement.
•    Planlagde gudstenester, samlingar og faste aktivitetar for alle aldersgrupper haldast digitalt eller avlysast til og med 18. januar.
•    Små enkeltsamlingar eller seremoniar med inntil ti deltakarar kan gjennomførast (for eksempel dåp, vigsel, diakonale tiltak/sjelesorg, innspeling av digital gudsteneste o.l.).
Vidare følgjer for kyrkja i Askvoll:  
Kontoret held stengt t.o.m. 18. januar, men vil vere bemanna. 
Ynskjer du å snakke med nokon så er det berre å ta kontakt med oss. 
 

Tilbake