Betydeleg auke i talet forhåndsstemmer i Askvoll


I dag vart tal for oppslutningen rundt digitale forhåndsstemmer på soknenivå gjort kjent.
For Askvoll sin del er det betydeleg auke i talet forhåndsstemmer samanlikna med førre kyrkjeval i 2019.
 

For første gang var det i Kyrkjevalet 2023 høve til digital forhåndsstemming. Nasjonale tal har vore kjent i heile forhåndsstemmeperioden frå 10. august, og ein har sett ein betydeleg auke i oppslutninga samanlikna med forhåndsstemmetal ved førre val.

På landsplan var det totale forhåndsstemmetalet nær 92.000 avgitte stemmer etter at den digitale valløysinga stengte ned onsdag kl 15.00. Til samanlikning var det 36.000 som forhåndsstemte i 2019. Auken viser altså at over to og ein halv gonger så mange forhåndsstemte digitalt som dei totalt avgitte forhåndsstemmegivingar i 2019. I tillegg kjem talet forhåndsstemmer avgitt på papir. Dette talet vil ikkje verte kjent før det endelege valresultatet vert rapportert inn (i løpet av kommande veke).

For dei med stemmerett i Askvoll er det 62 personar som har forhåndsstemt digitalt, og i tillegg har 22 personar stemt på papir i perioden. Ein har altså motteke 84 forhåndsstemmer i år, mot 25 i 2019. I Askvoll er forhåndsstemmetalet meir enn tredobla samanlikna med førre val. I 2019 var det 408 som benytta seg av stemmeretten i Kyrkjevalet i Askvoll (19%  - som låg godt over landsgjennomsnittet).

Det er likevel vanskeleg å konkludere no med om dette vil ha særleg betydning for den totale valdeltakinga i soknet. Det kan ein ikkje seie noko om før oppteljinga er ferdig mandag 11. september. Likevel må ein fastslå at mange føretrekkjer å stemme digitalt framfor å møte opp i stemmelokala og stemme på papir. 

Har du ikkje forhåndsstemt, så hugs valdagane søndag 10. (berre Askvoll krins) og mandag 11. september.   
 

Tilbake