Pinsedag var det høgtidsgudsteneste i Askvoll kyrkje, og kyrkjelyden skulle ta farvel med sokneprest Kjell Olav og kyrkjelydspedagog Guri.
Ein rørt Kjell Olav fekk ståande applaus av kyrkjelyden på denne siste gudstenesta før han og Guri snart skal til med nye gjeremål i Indre Sogn.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi med gåver og gode ord med på vegen vidare.
Kyrkja i Askvoll takkar for innsatsen desse fire åra og ønskjer lukke til vidare.