Soknerådet sin nominasjonskomité har no levert sitt listeforslag på kandidatar til soknerådsvalet 2023.
Her kan du sjå kandidatane.
Nominasjonskomitéen sitt listeforslag er no formelt innlevert, og er lagt ut til ettersyn.
Lista ser slik ut:
NR |
Namn |
Adresse |
Født |
1 |
Jostein Gryte |
Kvammen |
1953 |
2 |
Wenche Ness Gabrielsen |
Askvoll |
1956 |
3 |
Lillian Oddekalv Gjervik |
Atløy |
1955 |
4 |
Synnøve Melvær |
Bulandet |
1970 |
5 |
Terje Mork |
Holmedal |
1960 |
6 |
Gro Eikebø Stang |
Stongfjorden |
1975 |
7 |
Vidar Kaland |
Askvoll |
1966 |
8 |
Astri Thorsen Landøy |
Værlandet |
1964 |
9 |
Frida Melvær |
Askvoll |
1971 |
10 |
Jarle Magnus Vilnes |
Atløy |
1956 |
11 |
Stian Lykkebø |
Kvammen |
1976 |
12 |
Sigmund Rivedal |
Holmedal |
1944 |
13 |
Stine Solheim Rørvik |
Askvoll |
1989 |
14 |
Karen Anny Espedal |
Holmedal |
1954 |
15 |
Arnt Johny Langeland |
Askvoll |
1949 |
16 |
Dag Erlend Grane |
Atløy |
1970 |
Valstyret skal sjå til at innkomne listeforslag stettar formalkrava og godkjenne lister innan 2. mai 2023. Sjølve valdagen er 11. september 2023, og det vert førehandsrøysting i perioden 10. august til 8. september.
Det skal veljast 10 faste medlemmer og 5 varamedlemmer for soknerådet dei neste fire åra.
Meir informasjon om tider og stader for førehandsrøysting og dei ulike valtinga kjem etter kvart.
Vi minner og om høvet for dei med røysterett i soknet til å etablere nominasjonsgrupper som kan stille eigne listeforslag til val av sokneråd (sjå krav til listeforslag her).