Rehabiliteringa av Holmedal kyrkje er endeleg i gang


Det er gledeleg å kunne melde at det sårt etterlengta rehabiliteringsarbeidet på Holmedal kyrkje omsider er i gang. Denne veka er det reist stillas rundt kyrkja, og ein har teke ned taksteinen på sørsida. 

Soknet har inngått kontrakt med Trøndelagsfirmaet Froan AS på arbeidet, og Sweco AS har stått for prosjekteringa i samarbeid med Riksantikvaren, i og med at Holmedal kyrkje er listeført som verneverdig, og difor er det særlege krav for utføringa. Sweco AS vil også vere byggeleiar i prosjektet.

Kort oppsummert vil rehabiliteringsarbeidet omfatte full gjennomgang av heile kyrkja sitt «ytterskal», altså tak, vegger, vindu og dører. Arbeidet skal etter planen pågå fram til hausten. Vi håpar at arbeidet kan gjennomførast til minst mogleg hinder for planlagte og kommande aktivitetar i kyrkja dette halvåret. Prosjektet har eit budsjett på ca. 4,6 millionar pluss moms, finansiert med investeringstilskot frå Askvoll kommune. 

I tillegg til arbeidet på sjølve kyrkjebygget har Froan AS fått opsjon på mogleg handicap-tilkomst/rullestolrampe ved hovudinngangen. Pr. i dag har ein ikkje ei endeleg bestemt løysing her som soknerådet går inn for, og såleis ligg det heller ikkje føre godkjenning frå Riksantikvaren på dette delprosjektet. Dette vert det arbeida vidare med i desse dagar, med tanke på at dette vil verte omfatta av rehabiliteringsprosjektet. Ein må også sikre tilstrekkeleg finansiering her.

Vonleg vil Holmedal kyrkje framstå med fullrestaurerte fasadar til hausten, på eit nivå tilpassa den eigenart eit slikt kyrkjebygg representerer. 



Soknerådet i Askvoll vil i neste møte ta stilling til om dette er ønska løysing for rullestoltilkomst til kyrkja (forslag utarbeidd av Sweco AS).

Tilbake