Nominasjonskomitéen i soknet set opp eit forslag til valliste til soknerådsvalet 2023. Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til kyrkjekontoret.
Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023. Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografsk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.
Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd. Fullstendige opplysningar om listekrav fnn du her.
Innleveringsfrist for listeforslag til valstyret er fredag 31. mars 2023, kl. 12.00