Protokoll frå møte i Askvoll sokneråd er no publisert


Årets første møte i Askvoll sokneråd er no gjennomført.
Viktigste sak her var kutt i driftsutgifter for å få vedteke eit budsjett i balanse. Det er nedsett ein "øksekomité" for å konkretisere tiltaka.

Soknerådet kom i havn her med å levere eit budsjett i balanse med kuttmålsetjingar og tiltak for inntektsauke for å dekke inn underfinansiering på omlag 367.000,- .
Ein ser for seg kutt på følgjande område:
-Straumsparepakke kr 100.000,-
-Seie frå seg møtegodgjersle for soknerådsarbeid kr 45.000,-
-Effektivisering og kutt i kyrkjegardsvedlikehald kr 80.000,-
-Effektivisering og kutt i arbeid med førebuing av kyrkjeromma før gudstenester kr 80.000,-
-Ein leiger ikkje lenger inn vikar til gudstenester i samband med fast organist sitt fravær kr 20.000,-
 
Soknerådet ser vidare for seg ein inntektsauke på kr 105.600,- for å få full finansiering på trusopplæringsarbeidet, mellom anna med å innføre fast givarteneste, auke talet kyrkjeofringar til trusopplæringa og at den årlege julegåveaksjonen ein har hatt siste åra går til trusopplæringa

Det er nedsett ein "øksekomité" som skal konkretisere lista før endeleg vedtak i soknerådet.

Av andre saker handsama i møtet var Askvoll sokneråd sitt kandidatforslag til lek medlem i bispedømmerådet, uttale i samband med stillingsutlysing for ny sokneprest i Askvoll og vidare oppfølging med usemje med entreprenør om kontraktsendringar og oppgjer for Vilnesprosjektet.

Les heile protokollen her

Tilbake