I det siste har ein hørt mykje om store budsjettoverskridelser for kyrkjene p.g.a. høge straumprisar.
Askvoll sokn fekk straumrekning på nær kr 100.000,- berre for desember månad.
Rett nok får ein momsen refundert, men soknet er ikkje omfatta av støtteordningar for høge straumprisar. Førebelse rekneskapstal for 2022 viser at ein i 2022 brukte nær 230.000,- kronar på straum av eit budsjett på 118.000,-.
Askvoll sokn har lenge hatt låge energikostnadar, men ein må belage seg på ein forverra situasjon. Prognosane tilseier at 2023 vil få høgre kostnad enn 2022 med uendra forbruksmengde. Soknet har forvaltningsansvar for ein bygningsmasse som ikkje er særleg energivennleg med gamle bygningar med store romvolum. Samla forbruk i 2022 var på 212.000 kWh.
Soknet fekk også eit nedtrekk i kommunal rammeløyving på kr 125.000,- for 2023, eit anna moment som fører til at ein endå ikkje har eit budsjettforslag i balanse.
Soknerådet skal torsdag 26. januar ha møte, der ei av sakene vil vere å få eit budsjett i balanse. Dette vil vere ei krevjande oppgåve, og det er heilt nødvendig å setje opp ei relativt omfattande kuttliste.