Ny gudstenestetid i Bulandet


Det er innført ny gudstenestetid i Bulandet.
Soknerådet har vedteke at ein ønskjer gudstenestestart kl. 10.15 i Bulandet for føremiddagsgudstenestene. Dette er no godkjent, og får verknad frå førstkommande gudsteneste 29. januar. 

 

Endring av klokkeslettet skuldast at det vil vere betre logistikk, for dei som kjem frå fastlandet for å utføre teneste i Bulandet.
Kalender på heimesida vil verte oppdatert snarast råd.
Prosten i Sunnfjord har no godkjent endringsforslaget.

Tilbake