Vi får snart installert automatisk ringeanlegg og lukeopning i Askvoll kyrkje. Frå byrjinga av november månad er klokka demontert, og vi kan dessverre ikkje ha klokkeringing før nytt anlegg er på plass.
Med automatisk ringing vil det vere enklare å få utført ringing under gudstenester og seremoniar. Særleg vil ein ved høgtidsringing frigjere ressursar. Ringeanlegget og lukeopninga er med på investeringsbudsjettet til soknet i 2020.