Olsok-gudsteneste på Ripeneset


Fredag 29. juli kl. 19.00

 

Med håp om godt og lagleg ver, er alle velkomne til olsok-gudsteneste ute på Ripeneset fredag 29.7. kl 19.00.
Gudstenesta vert skipa til eit samarbeid mellom Kyrkja i Askvoll, Bygdelaget i Rivedal og Holmedal kyrkjelydsutval. 

Det vert godt høve til å låne sitjeunderlag, men det er likevel flott om dei som har høve tek med seg stol.
Det skal vere enkel tilkomst til stranda vi skal vere på, og bygdelaget inviterer alle til kyrkjekvelds etter gudstenesta.
I tilfelle dårleg ver vert gudstenesta i Holmedal kyrkje. 

For å finne fram: Når ein køyrer i retning frå Askvoll mot Eikenes, så tek ein til høgre på toppen av bakken etter å ha passert Rivedal galleri. Her er skilta inn til Ripeneset hyttefelt. Derfrå kan ein følgje skilting til parkering, og vidare veg ned til stranda. 

Vel møtt til olsok-gudsteneste og kyrkjekvelds! 
 

Tilbake