Tiltak i høve smitteførebygging


Dei tiltaka vi gjer er førebyggjande, og formålet er å hindre at menneske vert smitta av viruset.

Askvoll sokn vil lytte til og etterkomme dei råda Folkehelseinstituttet og kommunelegen gir. Situasjonen vil verte fortløpande vurdert, og våre tiltak kan verte endra på kort varsel.

Her er vår lokale smittevernplan for gudstenester og kyrkjelege handlingar (vedteke 14.05.2020 og justert 17.06.2020).

Slik vert vårt tilbod påverka:

Konfirmasjonsgudstenestene:
Alle planlagde konfirmasjonsgudstenester denne våren er utsett til september.
Sjå datoversikt her.

Gravferder/vigsler:
Gravferder vil gjennomførast som vanleg, men ein vil framleis ha smitteverntiltak.
Per 15. juni og inntil vidare vert maksimaltalet deltakarar (utanom bemanning) sett til 200 personar i kyrkene og på gravplassane.
Her er likevel ein regel om avstand på minimum 1 meter mellom kvar deltakar, og dette overstyrer maksimaltalet på 200 personar, så her vil ein vurdere kvart enkelt kyrkjerom.

Gudstenester:
Vi er i gang igjen med ordinære gudstenester, men smitteverntiltak er innført.
Sjå her for gjeldande gudstenesteliste t.o.m. september 2020.

Dåp:
Ved ønskje om dåp, vil vi vurdere i kvart enkelt tilfelle om dåp let seg gjere i dei ordinære gudstenestene, eller om det vert sett opp eigne dåpsgudstenester.

Kyrkjekontoret:
Kyrkjekontoret vil ikkje vere ope for publikum frå 16. mars.
Kontakttelefon for kyrkjekontoret er: 479 63 319 (til kyrkjeverje) og 918 74 724. 
E-post: post@askvoll.kyrkja.no

Tilbake