Konfirmasjon


Her øverst vert samla lenker til skriv som vert delt ut gjennom året. 

Datoplan for konfirmantåret 2022/23

Plan for konfirmant som medhjelpar på gudstenester

Program og pakkeliste Hausttreff 30.9-2.10 

Infoskriv Hausttreff  30.9-2.10. (Ikkje alle detaljar i dette generelle skrivet gjeld konfirmantar frå Askvoll)

 


Lenke til påmelding til konfirmantåret 2022-23 finn du nederst på denne sida.


INFORMASJON TIL KONFIRMANTKULLET 22/23:

VELKOMMEN SOM KONFIRMANT
Kjære ungdom og foreldre/føresette!

Med dette vert du invitert til å vere med på konfirmasjonstida i Askvoll for året
2022-2023 med konfirmasjonsgudsteneste på vårparten neste år. 
Vi håpar du har lyst å vere med! 😊 
Som konfirmant vert du betre kjend med oss som arbeider i kyrkja og kyrkjelyden. Men vi
ønskjer aller mest at du skal bli betre kjend med Jesus Kristus.
Vi vil fokusere på dei ”STORE” spørsmåla; om Gud, om trua og mennesket, livet og døden.
Dessutan vil vi diskutere mange etiske tema og dei vala vi gjer i livet.
I løpet av konfirmasjonstida, som utgjer om lag 60 timar, skal vi gjere og vere saman om mange ting.

Dei vanlege samlingane er i Askvoll kyrkje. Til hausten samlast vi desse dagane:     
•    Onsdag 07. september kl 18.00-20.30
•    Onsdag 05. oktober kl 18.00-20-30

•    Onsdag 02. november kl 18.00-20-30
•    Onsdag 07. desember kl 18.00-20.30.

Til våren samlast vi desse dagane:

•    Onsdag 18. januar kl 18.00-20.30
•    Onsdag 15. februar kl 18.00-20-30

•    Onsdag 15. mars kl 18.00-20-30
•    Onsdag 19. april kl 18.00-20.30.

Leir / Hausttreff:
Helga 30. september til 2. oktober, fredag til søndag, skal konfirmantane reise på helgetur saman til Hausttreff på leirstaden Nesholmen i Gloppen.
 

Konfirmantfestival for heile Sunnfjord prosti, i Gaularhallen på Sande:
Laurdag 29. oktober reiser konfirmantane på Konfirmantfestival, eit nytt konsept for konfirmantane i Sunnfjord. Festivalen er eit dagsopplegg med formidling, cup, aktivitetar ute og inne og sceneshow. Alle konfirmantane i Sunnfjord-regionen vert inviterte, saman med nokre kommunar frå Sogn. Frå Bergen kjem fullt band med solistar frå St. Jakob kyrkja, og Thor Håvik vert med som talar på festivalen. Han er kjent for si deltaking på Farmen i 2020, og er no prest i Salhus. 

Fasteaksjonen er ein dør-til-dør aksjon der konfirmantane går med bøsse for Kirkens Nødhjelp. Det er ofte bruk for at dei kan vaksne kan stille som sjåfør. Dette konfirmatåret vert Fasteaksjonen måndag 27. mars og tysdag 28. mars. Konfirmanten vel den dagen som passar beste. 

Helga før aksjonen, laurdag 25. og søndag 26. mars, vert det ei ungdomshelg - ein konfirmantfestival i Askvoll! Vi får mellom annan besøk av konfirmantane frå Fjaler og Gaular. Så hald av heile helga! Temagudsteneste som alle konfirmantane lagar saman, vert søndag 26. mars kl 1745 i Askvoll kyrkje, for alle konfirmantane i heile Askvoll sokn. 

I løpet av året må du, som konfirmant, delta på til saman 10 gudstenester. I nokre av desse gudstenestene er konfirmantane med som med-liturgar saman med presten.
 
For å bli konfirmert, må ein vere døypt. Konfirmantar som ikkje er døypt, kan bli døypt i løpet av konfirmasjonstida. Viss dette er aktuelt, berre ta kontakt med oss. 

Eigenbetaling for konfirmantåret er kr 1000,-. Dette er med og dekkjer utgifter til konfirmantfestival og leir.

Skal opplegget fungere, krevst det at kvar konfirmant er villig til å gå inn for å få mest mogleg ut av konfirmasjonstida, og å fylgje opplegget så langt som råd. Alle samkomer er obligatoriske. Om det skulle henda at ein ikkje kan møta, skal det gjerast avtale mellom foreldre/føresett og konfirmantleiarane.

Til hausten er gudstenestene med konfirmantpresentasjon desse søndagane:
04. september kl.13.30 i Vilnes kyrkje
11. september kl.17.00 i Bulandet bedehuskapell

18. september kl 11.00 i Kvammen kapell
18. september kl.15.00 i Holmedal kyrkje
18. september kl.17.00 i Askvoll kyrkje


Dei konfirmantane som høyrer til desse gudstenestestadene, møter på desse tidspunkta.
Konfirmantar frå Stongfjorden møter i Kvammen eller Askvoll, og dei frå Værlandet møter i Bulandet.

Konfirmasjonsgudstenestene våren 2023 er sett opp slik:  

Holmedal kyrkje  søndag 30. april  kl 11.00
Vilnes kyrkje   laurdag 06. mai  kl 11.00
Askvoll kyrkje  søndag 07. mai  kl 11.00
Værlandet kapell  laurdag 20. mai  kl 10.00
Bulandet kapell  laurdag 20. mai   kl 12.00
Stongfjorden kapell  søndag 21. mai  kl 10.00
Kvammen kapell  søndag 21. mai  kl 12.00

Vi ser fram til å bli betre kjent med deg! Velkommen som konfirmant 2022-2023.
Kontakt oss gjerne om du har spørsmål.
 

MELD DEG PÅ HER


 

Tilbake