Etter forsinkelser på nesten eit år pga. manglande finansiering i prosjektet, er ein omsider i gang med anleggsarbeidet med å få sett ned vasstank til brannslokkingsanlegget og septiktank til toalettet i det nye servicebygget.
Dette vil innebere omfattande arbeid med graving og sprenging. Heile parkeringsplassen vil vere avstengt i anleggsperioden, og for å komme inn til kyrkja og kyrkjegarden må ein nytte den gamle kyrkjevegen via porten i sør.
Anleggsperioden er berekna å vare til midten av juli.
All planlagt aktivitet (og sjølvsagt også eventuelle gravferder som måtte komme) vil gå føre seg som normalt, men berre utan parkering på parkeringsplassen nord for kyrkja, og ein må nytte tilkomstvegen i sør for å komme inn på kyrkja sitt område.
Vi beklagar ulempene dette medfører for dei besøkande til kyrkje og kyrkjegard, men er glade for at vi no er svært nær eit oppgradert anlegg, med handicap-WC og automatisk brannslokkeanlegg.