Velkomen til kurs-samling 3: Inviterande kyrkje mandag 22. august kl. 16.30 - 19.00


Hugsar du undersøkjinga som kyrkja hadde gåande i februar? 
Det var for å førebu det opne kurset "Inviterande kyrkje", som starta i slutten av mars. 
No er det straks tid for tredje og siste samling, og alle er velkomne.

Også om ein ikkje deltok på første samling, er ein like velkomen til  Askvoll kyrkje 22. august kl. 16.30 - 19.00.
Og har du tenkt deg innom, inviter gjerne med ein ven! 

Kurset skal bidra til meir dialog og samskaping mellom kyrkjelydane og lokalsamfunna elles, og alle som ynskjer det kan ta del på kurskvelden.
 

 

Tilbake