Temakveld: Ny i Askvoll


Torsdag 28.4 er alle velkomen til open temakveld i Askvoll kyrkje.
Arrangementet tek til med liturgisk bøn for Ukraina kl 1700, før det vert open kafe i kyrkjelydssalen frå kl 1730.
Vi benkar oss rundt småbord, og finn oss til rette før programmet tek til kl 1800.

 

Sokneprest Kjell Olav vil ynskje velkomen, og formidle vidare oppmodinga som er sendt til kyrkjelydane frå biskop Halvor Nordhaug. Oppmodinga er sendt ut med bakgrunn i situasjonen i Ukraina og flyktningane derifrå.

Ordet går vidare til Christoffer Stølen, rådgjevar i flyktninge-tenesta i Askvoll kommune. Han er invitert til å innleie til samtale om integrering og det å flytte til Askvoll. Han vil mellom anna å informere om kommunen sitt arbeid, situasjonen vi står ovanfor framover, erfaringar ein har gjort seg, og korleis dei som vil kan engasjere seg. Det vert vidare opna for spørsmålsrunde, før samtalen held fram rundt borda.

Askvoll kyrkjekor står for kafeen, og dei deltek også med songinnslag.

Alle velkomne til ein viktig og inspirerande stund i kyrkje denne kvelden!

Arr: Den norske kyrkja i Askvoll

Tilbake