Møte i Askvoll sokneråd 05.04.2022


Møteprotokollen frå Askvoll sokneråd 05.04.2022 er no publisert.
I møtet vart det mellom anna vedteke at ein no kjøpar inn eit brukt flygel, finansiert av Julegåveaksjonen siste åra. Soknerådet gir klarsignal til entreprenør om at arbeidet med tankanlegg og vannforsyning til brannslokkingsanlegget i Vilnes kyrkje kan halde fram etter stans i prosjektet grunna manglande finansiering sidan hausten i fjor. Ein går inn på avtale med Bjørgvin bispedømme om samordning av HMS-arbeidet, og avtale om utleige av kantor til Atløy-koret.
Årsrekneskap og årsmelding for 2021 vat vedteke, og ein vil gå for å nytte det meste av driftsoverskotet frå fjoråret til å setje i gang forsøk med kjøp av to robotgrasklypparar for å verte meir effektive med plenvedlikehaldet på kyrkjegardane.

Les heile protokollen her  

Årsmelding og årsrekneskap 2021 finn du i dokumentarkivet.

 

Tilbake