Kyrkjesafari og natursti på Vilnes søndag 27. mars


Velkommen til kyrkjesafari og natursti på Vilnes søndag føremiddag ved Guri Høstaker Nordheim i samarbeid med Barnas turlag.

 

Ferja utover går kl.11.00 frå Askvoll. Vi møtast igjen ved Vilnes kyrkje og går i samla tropp til Vikja og leikar litt i fjæra.

Når vi kjem tilbake til kyrkja ca.12.30 blir der servering av litt mat og drikke i kyrkja, samt natursti rundt og oppgåver til utforsking i kyrkja.

Ferja går heim att kl.13.55 eller 14.55.

Vi gler oss stort og håpar mange tek turen i lag med oss til Vilnes 🙂

Det er høve til å støtte Kyrkjedagane i Askvoll på Vippsnr. 741236.

Tilbake