Snart startar Kyrkjedagane i Askvoll


Kyrkjedagane i Askvoll startar opp onsdag 23.mars.
Endeleg får vi i kyrkja i Askvoll starta opp med nyskapinga "Kyrkjedagane i Askvoll". Desse var planlagt for to år sidan, men koronaen satte ein stoppar for dette, og vi prøver igjen.
Ni dagar er fylt opp med ulike aktivitetar og arrangement for alle aldersgrupper.

 

Onsdag 23. mars
Kl. 18.00 Holmedal kyrkje:  Åpningskonsert ved Askvoll kyrkjekor, Atløykoret og Sabina Baylarbayova.

Torsdag 24. mars
Kl. 10.30 på Askvollheimen (Kårstova): Sangstund og kaffi (diakonalt treffpunkt) ved Kjell Olav Høstaker Nordheim og Sabina Baylarbayova.
Kl. 11.30 på Askvollheimen (Fellesstova): Sangstund og kaffi (diakonalt treffpunkt) ved Kjell Olav Høstaker Nordheim og Sabina Baylarbayova.

Kl. 18.00 i Holmedal kyrkje: «Kyrkjestaden Holmedal—eit lokalhistorisk skråblikk» ved Petter Jonny
Rivedal. Folkeakademiet Askvoll er medarrangør. Kyrkjekaffi etterpå.

Laurdag 26. mars
Aktivitetsdag for konfirmantar og ungdom. Vi får besøk av SAMAN-teamet og KFUK/M.

Søndag 27. mars
Kl. 11.00 ved Vilnes kyrkje: Kyrkjesafari og natursti ved Guri Høstaker Nordheim i samarbeid med Barnas turlag.
Ferja utover går kl.11.00 frå Askvoll. Vi møtast igjen ved Vilnes kyrkje og går i samla tropp til Vikja og 
leikar litt i fjæra. Når vi kjem tilbake til kyrkja ca.12.30 blir der servering av litt mat og drikke i kyrkja, samt natursti rundt og oppgåver til utforsking i kyrkja. Ferja går heim att kl.13.55 eller 14.55.
Kl. 11.30-17.00 i Askvoll samfunnshus og Askvoll kyrkje: Gudstenesteverkstad for konfirmantane.

Kl. 17.45 i Askvoll kyrkje: Temagudsteneste (open for alle) ved konfirmantane og SAMAN-teamet.

Tysdag 29. mars
Kl. 19.00 i Kvammen kapell: Sangkveld ved Jostein Gryte, Sabina Baylarbayova og Kjell Olav Høstaker Nordheim.

Torsdag 31. mars 
Kl. 18.00 i Askvoll kyrkje: Kirkerotteteater med førestillinga «Kirkerottene og Lea Mus». 
Familiebillett kr 200,-.
 

Tilbake