Betydelege lettelser i koronatiltaka


Regjeringa har i kveld lagt fram fleire nye lettelser i gjeldande koronatiltak. Lettelsene trer i kraft allereide frå i kveld kl. 23.00 tysdag 1. februar.
Dei fleste smitteverntiltaka som påverkar kyrkjeleg verksemd vert fjerna, men framleis gjeld «meteren, munnbind og sunn fornuft».

 

Arrangement (t.d. gudstenester, gravferder, konsertar)

- Antal
På både private og offentlege arrangementer, både innan- og utandørs, gjeld ingen nasjonal antalsbegrensning.

- Avstand
På arrangement med faste tilviste plassar for publikum vert avstandskravet fjerna når ein sit i setet. Det betyr at alle sete i ein sal kan takast i bruk.
Arrangøren skal leggje til rette for at det er mogleg å holde avstand ellers i lokalet eller arrangementsområdet.

På arrangement 
utan faste tilviste plassar vert kravet om at arrangøren skal syte for at alle som er til stades skal kunne halde minst 1 meters avstand målt fra skulder til skulder i alle retningar til andre som ikke er i samme husstand eller tilsvarende nære vidareført.

- Munnbind
Det er krav om munnbind når ein ikkje kan halde ein meters avstand. Kravet om munnbind gjeld ikkje når ein sit på fast tilvist plass sjølv om avstanden er kortere, men dette må verte vurdert av den enkelte deltakar.

- Ansvarleg arrangør
Det vert framleis forskriftsfesta at det for alle arrangement gjeld krav til smittevernforsvarleg drift, herunder å utpeike ansvarlig person og oppretthalde krav til hygiene, samt følgje relevante standardar om smittevern.

Det er krav om ein skriftleg plan for forsvarleg smittevern ved større arrangement, der ein planlegg for meir enn 200 personar i publikum.

- Registrering
Krav om registrering av gjestar/deltakarar på arrangement vert oppheva.

Fritidsaktivitetar for personar i alle aldrar

Dagens tilrådingar for organiserte fritidsaktivitetar vert oppheva. Det betyr at fritidsaktivitetar for personar i alle aldrar kan gjennomførast som normalt utan gruppeinndeling.

Den generelle anbefalingen om 1 meter avstand ved gjennomføring av aktiviteten skal ikkje gjelde dersom kontakt er nødvendig for å gjennomføre aktiviteten.

Tilbake