Inviterande kyrkje


Kyrkjelyden vår ber om innspel frå sambygdingane. Har du smakt vaffelen som fleire år på rad har vorte kåra til verdas beste vaffel av Sjømannskyrkja? Fredag 4.2 frå kl 12 deler kyrkjelyden vår ut gratis vaflar av denne oppskrifta på Kystgården i Askvoll sentrum. Prestane og friviljuge står for steikinga, og det vil vere høve til å slå av ein prat om ein har tid til det.

 

Diakon Marianne Magnussen skal vere med på standen. Ho vil invitere folk til å ta ei kort anonym spørjeundersøking om kva ein ønskjer skal vere neste tilbod i regi av kyrkja di. Det vil vere mange alternativ, blant anna plastplukking, bytemarknad, diskusjonsforum og retreat. Magnussen har god erfaring med å involvere lokalbefolkninga for å finne ut kva kyrkja bør prioritere. Ho er diakon i to kyrkjer i Bergen. For åtte år sidan gjorde ho ei kartlegging av kva folk som budde innanfor desse soknegrensene, tilrådde kyrkjelydene å gjere for lokalmiljøet. -Det var lett å få inn svar. Eg har inntrykk av at svært mange kan tenke seg å bidra til at den lokale kyrkja vert opplevd som relevant og tilgjengeleg av endå fleire, seier Magnussen.

Dei som ynskjer å svare på undersøkinga på standen, kan velje om dei i tillegg vil skrive seg på ei liste for å bli med i trekninga av ei kvardagsglede. Premien er at presten kjem på døra med ein stabel sjølvsteikte Sjømannskyrkje-vaflar og heimelaga jordbærsyltetøy, der jordbæra sjølvsagt er frå Indre Sogn! 

Svara på undersøkinga skal brukast til å førebu kurset «Inviterande kyrkje», som startar i slutten av mars og går over tre kveldar i vår. Kyrkja vår skal ha kurset desse datoane: 14.mars, 9. mai og 22. august, kl 16.30-19 i Askvoll kyrkje. Magnussen har fått tilskot av Kyrkjerådet til å utvikle kurset, i samarbeid med ulike sokn på Vestlandet. Kurset skal bidra til meir dialog og samskaping mellom kyrkjelydane og lokalsamfunna elles, og alle som ønskjer det kan melde seg på. 

Dei som ikkje har høve til å komme innom vaffelstanden vår, kan frå 2. februar til og med 7. februar ta undersøkinga her

Dei kan også ta kontakt med meg/oss. Vi vonar at så mange som mogleg vil svare, seier sokneprest Kjell Olav. 
 

Tilbake