Lettelser i koronarestriksjonane


Med verknad frå midnatt natt til 14. januar er det innført enkelte lettelser i koronarestriksjonane, som det gjekk fram av regjeringa si pressekonferanse i kveld.

 

Maksimalt deltakartal
For kyrkja er den viktigaste endringa at maksimalavgrensinga på 50 deltakarar vert auka opp til 200 personar ved innandørs arrangement, der deltakarar sit i faste, tilviste plassar. Dette gjeld m.a. for gudstenester og gravferder.

Avstandskrav
Framleis vil det vere eit avstandskrav på 1 meter mellom husstandane som vil vere styrande for kor mange deltakarar det er plass til i kyrkjerommet.

Registrering av deltakarar
Vi må også halde fram med registrering av namn og telefonnummer på dei som deltek på arrangementa våre. Det skal også vidare førast oversikt over kor den enkelte besøkande hadde sitt faste sete i kyrkjerommet.

Munnbind
Det skal framleis nyttast munnbind, der det ikkje er mogleg å halde minimun 1 meters avstand mellom husstandane.

Fritidsaktivitetar
Nokre lettelser er innført også for fritidsaktiviteter for både barn og vaksne.

Reglane trer i kraft frå midnatt natt fredag 14. januar, og vil verte vurderte på nytt tidleg i februar.
Truleg vil det kunne komme små detaljjusteringar i løpet av dei første dagane.

Tilbake