Vi ønskjer deg velkommen til kyrkje i jula


Som kjent går vi nok ein gong ei jul i møte med omfattande smitteverntiltak for ei trygg gjennomføring. Vi ser oss nødt til mellom anna å ha førehandspåmelding til gudstenester i julehelga.

 

Viktig å få med seg

Førehandspåmelding til gudstenestene julaftan og 1. juledag
- Det er tillete med maksimalt 50 besøkande i kyrkjeromma, og for å få sikre ei trygg plassering innanfor gjeldande avstandskrav vil vi ha førehandspåmelding for gudstenestene julaftan og 1. juledag.
- Elektronisk påmeldingsløysing er aktivert i tida 21.12. kl. 00.01-23.12. kl. 12.00. Lenkje til elektronisk påmelding finn du under kvar gudsteneste i vår kalender.
- Påmelding kan også gjerast med telefon til kyrkjekontoret frå 21.12. til kl. 12.00 den 23. desember.
- Med tanke på trygg plassering i kyrkjerommet vert alle tildelt plassnummer på førehand.
- Om du melder på personar utanfor eigen husstand, er det viktig at du kontaktar kyrkjekontoret, slik at vi kan fordele sitjeplassar på ein trygg måte.
 
Munnbind
- Det er innført eit forskriftsfesta pålegg om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand på innandørs arrangement.
- Vi ber om at du tek med munnbind til gudstenesta og nyttar dette når du går inn i kyrkja.
- Dette vil gjelde t.d. ved inn- og utgang i kyrkja, og om du sit i fast plass i kyrkjerommet med mindre enn 1 meters avstand til andre utanfor eigen husstand (her vert gitt nærare opplysningar i gudstenesta).

Vi minner elles om: 
- Hald avstand
- Hald deg heime om du er sjuk
- Rett deg etter instruksar frå kyrkjevertar og tilsette


Vi beklager ulempene desse nye tiltaka inneber, men dei er nødvendige for å sikre ei trygg gjennomføring av julegudstenestene og hindre vidare smitte.

Nøl ikkje med å ta kontakt med kyrkjekontoret om du har spørsmål. 

Tilbake