Dei nye smitteverntiltaka og aktiviteten i kyrkjene


Natt til onsdag 15. desember trer det i kraft innskjerpa smittevernreglar etter dei nye tiltaka som vart innført sist veke. I likhet med samfunnet elles går vi mot ei ny jul med strenge restriksjonar med tanke på smittebegrensande tiltak i kyrkja. Dei nye reglane vil gjelde til 12. januar.

 

I Sunnfjord prosti vil vi i samsvar med tilrådingar frå kyrkja nasjonalt i størst mogleg grad halde kyrkjedørene åpne med eit forsvarleg smittevern. Så langt som råd vil vi gjennomføre kyrkjelege arrangement og aktivitetar etter oppsette planar. I Askvoll er unntaket at kyrkjekonsertar er avlyste eller vert gjennomført utan publikum til stades med digital overføring.

Innskjerpa maksimaltal på innandørs arrangement
- Det er no tillete med maksimalt 50 personar på innandørs arrangement i fast, tilvist plass.
- Utan fast plass er maksimaltalet 20 personar.

Krav om munnbind
- Der det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand er det krav om å bruke munnbind. Dette gjeld t.d. ved inn- og utgang i kyrkjene, eller om ein sit i benkar/stolar med mindre enn 1 meters avstand til neste person utanfor eigen husstand.

 

Påmelding og deltakarregistrering
- Til gudstenestene julaftan og 1. juledag vil det vere førehandspåmelding. Sjå informasjon på våre heimesider om korleis du melder deg på (kjem etterkvart).

- Kyrkja, som ansvarleg arrangør, pliktar å halde oversikt over kor den enkelte besøkande i kyrkjene har hatt sin sitjeplass med tanke på smittesporing. Her vil vi vurdere nummerering av kvart sete.

Gravferder
- Gravferd vert rekna som arrangement, og her er maksimaltal 50 personar.
- Kyrkja og gravferdsbyrå vil ha eit nært samarbeid med pårørande for å utarbeide benkekart og husstandsplassering før gravferda

Andaktar og besøk på Askvollheimen
- Desse vil gå føre seg som normalt og i samråd med Askvollheimen.

Skulegudstenester m.v.
- Desse vil gå som planlagt, men i nært samarbeid med skulane for trygg gjennomføring.

Vi ønskjer deg velkommen til kyrkje i jule- og nyttårshelga.
Vi oppmodar deg om å halde deg oppdatert om gjeldande smittevernreglar, vise omsyn for andre ved å halde avstand til dei du ikkje bur saman med, rette deg etter instruksjonar frå kyrkjevertar og tilsette når du er i kyrkja og halde deg heime om du er sjuk.


Kontakt kyrkjekontoret ved eventuelle spørsmål.
 

Tilbake