Nasjonale anbefalingar om smittevern


Regjeringa har kunngjort nye nasjonale anbefalingar om smittevern. Dette skuldast særleg omikron-varianten av koronaviruset. 
I ei tid der ensemd og uvisse er utbredt, er det behov for ei synleg og tilgjengeleg kyrkje. Kyrkjelydane er oppmoda til å gjennomføre planlagt aktivitet, men syte for godt smittevern i tråd med anbefalingar og reglar som gjeld nasjonalt, regionalt og lokalt. I Askvoll held vi fram med all planlagt aktivitet i kyrkja.
 

 

Dei nasjonale anbefalingane er:
- Hald deg heime og test deg for koronavirus om du er sjuk 
- Bruk munnbind når du ikkje kan halde avstand eller er i rørsle 
- Vask hendene grundig og ofte med såpe og vatn eller handsprit 
- Hald avstand til dei du ikkje bur med når det er mogleg
 

Tilbake