Smittevernrettleiaren vert avvikla laurdag 25. september klokken 16.00


Samfunnet går mot ei gjenåpning. Regjeringa har i dag kunngjort tidspunktet for dette.
Frå laurdag 25. september klokka 16.00 vert alle reglene om arrangement i covid-19-forskriften avvikla. Dette gjeld t.d. avstandskravet, antallsbegrensning og registreringsplikt. 
 

 

På bakgrunn av dette vert smittevernrettleiaren for Den norske kyrkja fra samme tidspunkt avvikla. Alle arrangement og aktivitetar kan gjennomførast som normalt før pandemien. Det vil ikkje lenger vere smittevernfaglege begrensningar på vår drift.
Nokre generelle smittevernråd for samfunnet er framleis relevante for kyrkja si verksemd:

•    Gode handvaskrutinar
•    Host i papirhandkle eller albogekroken
•    Hald deg heime viss du er sjuk, og følg helsestyresmaktene sine råd for testing

Den norske kyrkja skal ikkje ha strengare tiltak enn det som gjeld for øvrig i samfunnet. Det er ikkje lenger grunnlag for å sette begrensningar på arrangement og samlingar. At reglane vert oppheva er forsvarleg, ifølgje Helsedirektoratet og FHI.
 

Vi vil nytte dette høve til å spesielt takke tilsette, sokneråd og frivillige for den fantastiske insatsen som de har lagt ned i den tida me har bak oss. Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg å få gjenomført alle dei aktivitetane som me trass alt har klart å gjennomføre i denne tida.

Til sist. Vi skal fortsatt ha fokus på å halde gode, sikre arangement, der alle føler seg trygge. Det er også viktig å vere klarover at det fortsatt kan komma kommunale tiltak som gjer at vi må omstille oss raskt.

Tilbake