Organiststillinga i Askvoll lysast ut på nytt


Og denne gangen omfattar stillinga også eit spennande 3-årig musikkdiakonalt prosjekt knytt til Askvollheimen.

 

I tillegg til den ordinære, faste 70%-stillinga, har vi no med støtte frå omsorgsetaten i Askvoll kommune og Bjørgvin bispedømmeråd fått ein ekstra 10% stillingsdel i eit nytt 3-årig musikkdiakonalt prosjekt. Bjørgvin bispedømme meiner at dette prosjektet i Askvoll er nyskapande innan kyrkjeleg diakoni, då det opererer i skjeringspunktet mellom kultur og diakoni.

Planen er at dette musikkdiakonale tilbodet skal gje musikalske opplevingar og vere eit musikkterapeutisk tilbod til bebuarar på Askvollheimen. Bjørgvin bispedømmeråd vil følgje opp prosjektet med rådgjeving og nettverksbygging. Vi i kyrkja i Askvoll gler oss til å få ein ny medarbeidar med på laget, og håpar at vi kan få etablert dette musikkdiakonale tilbodet som ei permanent ordning.

Sjå heile utlysinga her.
Søknadsfrist: 10. august.

Tilbake