Koronasituasjonen - trinn 3 i gjenopninga


Nye lettelsar i restriksjonane siste dagane opnar for større forsamlingar.
For kyrkjene i Askvoll har dette i praksis ingen konsekvensar.

 

Vi har framleis avstandskrav på 1 meter mellom kohortane, som er det styrande prinsippet. Med våre relativt små kyrkjebygg betyr dette at makstal besøkande er som før. Kontakt kyrkjekontoret for ytterlegare spørsmål om konkret arrangement her.

Vaksinasjon eller koronasertifikat vil ikkje ha betydning for lovleg besøkstal til våre arrangement.

Vi må framleis føre lister over dei som kjem til kyrkje i gravferder, gudstenester m.v. med omsyn til eventuell smittesporing.

Kyrkja i Askvoll ser fram til nye lettelsar i restriksjonane.

Tilbake