Soknemøte og vigsling av utvida kyrkjegard 30. mai


Etter gudstenesta i Askvoll kyrkje søndag 30. mai kl 11:00 skal prosten i Sunnfjord vigsle dei nye gravfelta på kyrkjegarden i Askvoll. Etterpå vert det soknemøte der revidert gudstenesteordning skal vedtakast.

 

På dagsorden for soknemøtet har vi følgjande:

01.2021 Godkjenning av innkalling og dagsorden

02.2021 Val av referent

03.2021 Val av to personar til å signere protokollen.

04.2021 Presentasjon av årsmelding og årsrekneskap 2021 v/Rune Ziener.

05.2021 Presentasjon av budsjett for 2021 v/Rune Ziener.

06.2021 Revidert lokal grunnordning for gudstenesta i Askvoll. Forslag til revidert, lokal grunnordning vert presentert av Kjell Olav Høstaker Nordheim.

Gudstenesta vil verte gjennomført etter forslaget om ny ordning for å prøve denne ut for kyrkjelyden, og her deltek også prost Knut Magne Nesse.
 

Her finn du soknerådet sitt forslag til ny grunnordning.

 

Tilbake