Nye reglar i samband med utlån og utleige av kyrkjene i Askvoll


Soknerådet vedtok i mars utlåns- og utleigereglement for kyrkjene i kommunen. Dels skuldast dette behov for klarere retningslinjer i samband med utlån og utleige, og dels skuldast det at vi ønskjer å dekke inn meir av utgiftene vi har har til ikkje-lovpålagte oppgåver.
Reglementet er godkjent av Bjørgvin bispedømmeråd 30. april.

 

Tilbodet om gratis gjennomføring av kyrkjelege handlingar til kommunen sine innbyggarar er sjølvsagt vidareført, og det samme for lokale arrangørar av konsertar der soknerådet inngår eit samarbeid med arrangør. Bruk av kyrkjene til barne- og ungdomsarbeid og oppbyggjelege møte er også sjølvsagt framleis gratis. 

Imidlertid innfører vi betaling for gravferdsseremoni, der avdøde ikkje var busett i kommunen og for vigselsseremoni, der verken brudefolka eller nokon av foreldra bur i kommunen. 

Vi innfører også betaling for kyrkjemusikalske tilleggstenester utanom seremonien. Dette gjeld til dømes speling før gravferdsseremoni og kyrkjemusikar si øving med solist.

Sjå fullstendig reglement her.

Tilbake