Nye nasjonale tiltak i høve korona


Regjeringa la tysdag 23. mars fram endringar i tilrådingar og regelverk for nasjonalt tiltaksnivå med verknad frå torsdag 25. mars kl. 00:00 og gjeld til 12. april. Disse endringane er begrunna i behovet for å gjennomføre svært omfattande tiltak for å stoppe ein dramatisk auke i smittetala. Kyrkjerådet/Bispemøtet/KA og Kyrkjeverjelaget tilrår no at alle gudstenester i perioden vert avlyst men at gravferder kan gjennomførast med maksimalt 50 til stades.
Justert, lokal smittevernrettleiar vert publisert så snart denne er klar.
 

 

For kyrkja lokalt i Askvoll inneber endringane:

- Alle gudstenester i tida 25. mars til 12. april vert avlyst
- Det vert open kyrkje med 1-2 tilsette til stades dei same tider og stader det opphavleg var planlagt gudsteneste
- Gravferd vert gjennomført som normalt men med maksimalt 50 til stades (dersom kyrkjerommet tillet det)
- Påskevandrings-løype er sett opp i turområde ved kvar av kyrkjene i Askvoll, Bulandet, Holmedal, Kvammen og Vilnes
- Barne- og ungdomsarbeidet held fram som vanleg
- Dåp/vigsel kan verte gjennomført etter nærare avtale og under særskilte vilkår
- Ved ønske om samtale kan ein kontakte prest
- Avstandskravet mellom husstandar er til ein kvar tid minimum 2 meter
- I situasjonar der det er vanskeleg å halde 2 meters avstand skal det brukast munnbind
- Personar som kjem frå andre kommunar/område med smitte, som deltek i gravferd bør vere særskilt påpasselege kva gjeld avstandskravet og bør bruke munnbind
- Kyrkjekontoret er stengt for publikum, men ein kan avtale møte
- Dei tilsette er oppmoda om å ha heimekontor i den grad det er praktisk mogleg

Kyrkjeverja
 

Tilbake