Fasteaksjonen er i gang


For å hindre spreiing av smitte vil våre innsamlarar i Fasteaksjonen (konfirmantane) ikkje komme på døra. Dette betyr at pengene til årets fasteaksjon ikke vert samla inn dør til dør, men via Vipps 2426, SMS eller innbetaling i bank.

 

Mange opplever krevande dagar, også økonomisk. Frå kyrkja si side ynskjer ein ikkje å bidra til press om å gje pengar. Samtidig veit vi at i sårbare land med dårlige helsetilbod, vil følgjene av ein pandemi bli langt større enn det vi no har i Norge. Så har du høve til støtte opp om fasteaksjonen, seier vi berre: Bidra etter evne.

Konfirmantane skulle gått rundt med bøsser, men av kjende grunnar er ikkje dette råd i år heller. Dei vil bidra på anna vis likevel. Vil du bidra? Ditt bidrag vil gjere ein stor skilnad, uansett kor mykje eller lite du gir. For berre 200 kr kan du gi eit menneskje tilgang til reint vatn resten av livet.

Årets fasteaksjon vert digital, og er viktigare enn nokonsinne. Pengane går uavkorta til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.

Du kan: - Dele aksjonen på Facebooksida di, - Vippse til #2426 - Sende SMS "VANN" til 2426 (kr.250) - Bruke bankkonto 1594 22 87493 Uansett er du med på å støtte aksjonen vår. Takk for ditt bidrag

I dag lever 1 av 9 menneskjer i verda utan tilgang til reint vatn. Mange stader fører dette til at barn ikkje kan gå på skule, fordi dei må hente vatn eller blir sjuke. Reint vatn forandrar liv. For 200 kr kan du gje et menneske tilgang til reint vatn resten av livet. I 2020 samla Askvoll sokn inn heile kr 39.404. La oss sjå om vi klarer matche 2020!

Sjå www.fasteaksjonen.no for meir info.

Tilbake