Informasjon om korona og kyrkjene i Askvoll



Dei tiltaka vi gjer er førebyggjande, og formålet er å hindre at menneske vert smitta av viruset.
Askvoll sokn vil lytte til og etterkomme dei råda Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen gir. Situasjonen vil verte fortløpande vurdert, og våre tiltak kan verte endra på kort varsel.

Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret om du har spørsmål om korona vedrørande våre aktivitetar.

Vår lokale smittevernplan vert straks oppdatert.

  • Dei som kan vere koronasjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje ta del.
  • Når ein kjem til kyrkja vaskar alle hendene med anti-bac, som ein finn ved inngangen. Ved nysing/hosting følgjer me dei allmenne smittevernråda.
  • Dei som tek del må halde god avstand, minimum 1 meter, mellom kvarandre. Dette gjeld ikkje dei som er i same husstand. 
  • Unngå å ta på flater.
  • Unngå handhelsing og anna fysisk kontakt. Ver særleg merksam på avstanden når ein bevegar seg i rommet. Når ein går ut etter gudstenesta må ein unngå kødanning.
  • Ver særleg nøye med hygienen dersom ein nyttar toaletta.
  • Ein finn smitteverninformasjon ved inngangen til kyrkja. Presten vil også orientere om dette ved starten av gudstenesta.