Soknet må spare pengar - kle deg godt når du skal til kyrkje


Soknerådet vedtok i januarmøtet å utarbeide ei innsparingspakke for driftskostnadane i 2023 og framover for å få eit budsjett i balanse. 

Auka straumprisar i 2022 og kutt i kommunal rammeløyving er hovudårsakar til dei økonomiske problema soknet no står i.
Soknerådet har no sett ned ein såkalla "øksekomité" som skal sjå på innsparingstiltak.
Målet for innsparinga/ønska inntektsauke for 2023 ligg på i underkant av kr 370.000,- pr. år.

Komitéen hadde sitt første møte denne veka, og har bestemt seg for nokre strakstiltak, og vil arbeide vidare med vidare tiltak for å få ein berekraftig økonomi.

Straumsparepakke
Med umiddelbar verknad vil innetemperaturen i kyrkjebygga våre verte redusert til 18 grader under arrangement i kyrkjene. Det kan då vere lurt av dei besøkjande å kle seg godt på kalde dagar. Fleire tiltak er under planlegging her, t.d. redusert bruk av flaumlys på kyrkjene og utskifting av gamle glødepærer.

Ikkje innleige av organist i samband med frihelger etc. 
Med umiddelbar verknad vil vi også innføre ein praksis der det ikkje vert leigd inn organist i gudstenestene samband med fast tilsett kantor sine friperiodar. Vi har eit håp om at musikkkyndige personar kan yte eit bidrag her, og bidra som frivillige for å sikre kyrkjemusikk også for desse aktuelle helgene.

Utover dei ovanfor nemnde tiltaka vil soknerådet sjå vidare på effektivisering av t.d. kyrkjegardsdrift og redusert reinhald i kyrkjene. Det vil også verte føreslege kutt i møtegodtgjersle til rådsmedlemmene.

Askvoll sokn har no etter mange år med god økonomi dessverre komme i ein situasjon der ein no må sjå på sparetiltak. Dette arbeider vi vidare med.


 

Tilbake