TID FOR TRU Trusopplæring i kyrkjelyden



Fire måndags-kveldar frå januar til april vert det ein serie samlingar i Kvammen kapell. Samlingane er for alle, og det gjennomgåande temaet er «Til glede!». Samlingane høver både for enkeltpersonar og  grupper, t.d foreiningar som vil delta saman. 


 

 

Det kostar ikkje noko å delta, og alle er velkomne – også til enkeltståande samlingar. Størst utbyte får ein likevel om ein følgjer med frå samling til samling. 

Kurskvelden inneheld undervisning, høve til spørsmål og samtale, og enkel servering. Samlingane avsluttast med kort oppsummering i plenum. 

Sokneprest Kjell Olav Høstaker Nordheim vil ta ansvar for undervisningsdelen. Han har erfaring frå liknande kurs i Sogndal og Askvoll. Dei praktiske rammene og serveringa står kyrkjelydsutvalet i Kvammen for. Datoar og meir informasjon finn du lenger ned på sida her.

Alle hjarteleg velkomne!

 

TID FOR TRU


Innhald og datoar for samlingane: 

Tid:     Måndagar kl. 19.30

Datoar:    
30. januar:  «Til glede!» - Innføring i kurset, og litt om kyrkjelyden i Filippi

27. februar:  Det handlar om å leve

20. mars:  Om å vere undervegs

24. april: Ver ikkje bekymra!

Spørsmål? Meir informasjon? 
Kontakt sokneprest i Askvoll Kjell O. H. Nordheim på tlf 482 43 056.                                                                                                 

Påmelding:
I samband med enkel servering er det ei god hjelp om ein kan melde frå seinast ein dag før om ein vil delta. Like fullt er det mogeleg å møte opp utan å vere påmeldt, kome åleine eller saman med nokon, eller delta berre på nokre av kveldane. 

Dersom ein vil melda seg på, kan ein kontakta 
* kyrkjekontoret via post@askvoll.kyrkja.no / 918 74 724, 
* eller kyrkjelydstutvalet ved Marit Leknes Gryte på tlf 482 75 367.
 

Tilbake