Bispevisitas i Askvoll 23.-26. mai


Alle er velkomne til visitasgudsteneste ved biskop Halvor Nordhaug
torsdag 26. mai kl. 14.00. Mange medverkar, m.a. Askvoll kyrkjekor. Vi oppmodar alle kyrkjekrinsane til å delta på denne høgtidsdagen i Askvoll kyrkje.
 

 

Foto: Bjørgvin bispedømmekontor

Etter gudstenesta  torsdag helsar biskopen Askvoll med sitt visitasforedrag, før alle er inviterte til kyrkjekaffi.
Offer gir vi til Den norske kyrkja i utlandet Vipps til #692983 (Takkoffer Askvoll kyrkje).
 

Alle er også velkomne til kystpilegrimskveld i Vilnes kyrkje måndag 23.5 kl 19.00. Song av Atløykoret og solistinnslag ved Jenny Sande Askevold. 

 

Før visitasgudstenesten i Askvoll Kristi Himmelfartsdag har vi også konfirmasjonsgudsteneste i Bulandet kapell kl 11.00, med konfirmantane 

Dina Johanne Torvanger Bolstad

Simon Fedøy

Liam Kiefer Landøy-Midtbøen

David Nicolai Vatnøy Fedøy


Her kan du lese heile visitasmeldinga som er utarbeidd i forkant av visitasen

Tilbake