Flygelet på plass i Askvoll kyrkje


 

Soknet har i nokre år hatt gåande ein «julegåveaksjon» der ein samla inn gåvemidlar til eit flygel til Askvoll kyrkje. I gåvefondet står det no nær kr 70.000,-.

Vi hadde då nok pengar til å kjøpe inn eit brukt flygel frå Bergen Pianoforretning.
Flygelet er prøvd av mellom anna kantor Sabina, som tilrår kjøp av dette.
Flygelet er eit Samick flygel frå 2001, men i svært god stand, og har vore i privat eige.

Vi kan røpe at kantor Sabina er i gang med å planlegge ein kyrkjekonsert i mai, der flygelet vert "innvia".

Kyrkja i Askvoll takkar hjartelegst bygdefolket, som har gjort dette innkjøpet mogleg ved å gi sine bidrag til "julegåveaksjonen".

Vi gratulerer oss sjølv og kyrkjelyden med eit nytt, flott instrument - som garantert vil gi oss mange fine musikkopplevingar i mange år framover!

Tilbake