Konfirmantane møtte «Farmen-presten»


Onsdag 20. oktober fekk konfirmantane i Askvoll og Fjaler møte Saman-teamet med Thor Haavik, betre kjent som «Farmen-presten», i spissen.

 

Samlinga var på Alværa ved Sognefjorden, og dette vart ein kjekk kveld, med spørsmål som:

Har du nokon gong tenkt over kor du høyrer heime?
Kan kyrkja vera ein heim?
Finst det gode grunnar for å tru på Gud?
Kan salmar bety noko for unge idag?


Med Saman-teamet på besøk vart det band, talar, dans og
aktivitetar. Dette var veldig kjekt for alle saman.
 

Tilbake