Vigsling av utvida del av Askvoll kyrkjegard


Søndag 30. mai vart den utvida delen av Askvoll kyrkjegard vigsla av prosten i Sunnfjord, Knut Magne Nesse.

 

Det var nydeleg vêr, og litt over tjue personar møtte fram då vi skulle ha vigsling av dei nye gravfelta på den utvida delen av Askvoll kyrkjegard.

Askvoll kommune var representert ved ordførar Ole André Klausen i samband med vigslinga. Han fekk overrekt ei blomsterbukett av soknerådsleiar Jostein Gryte, då kommunen har finansiert utvidinga som har kosta nær 4,5 millionar.

Den nye delen av kyrkjegarden består av fem nye gravfelt, og her er regulert for 258 kistegraver. Det er sett ned nye fastmerke, innmålt med GPS. Det er gledeleg å no ha nytt gravareal på kyrkjegarden, og ikkje minst vil det gjere gravplassdrifta enklere, når vi no har eit heilt nytt gravareal med gravmål tilpassa dagens krav.

Etter vigslinga er dei nye gravfelta klare til å takast i bruk.


Knut Magne Nesse og Kjell Olav Høstaker Nordheim sto for vigslinga.
  

Tilbake