Søndagstankar

Med Jesus som PT

Søndagstankar av Knut Arne Kummeneje, sokneprest i Fjaler - for 4. søndag i treeiningstida

«Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt.  Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg.» står det i søndagens preiketekst frå 1. Kor kap 9.
Kva om eg hadde Jesus som personleg trenar, kva ville skjedd då?  Kanskje hadde det blitt dagleg seigpining og aldri fred til å unne meg noko godt.  Kanskje måtte eg nekte meg alt og vende meg bort frå all jordisk glede – for å nå målet:  Sigerskransen i himmelen. 



Det er grunn til å legge merke til ein ting ved Jesus:  Han var ikkje diplomatisk eller rund i kantane.  Han var fast, men full av kjærleik, slik han ønskjer at vi skal vere fylt av kjærleik til kvarandre.
  
Eg trur ikkje Jesus ville eigne seg som personleg trenar slik vi tenkjer om dette.  Fordi det var aldri Jesus sitt kall.  Hans kall var å peike på frelsa gjennom sin død og oppstode – at Guds nåde bind saman det som manglar når vi menneske kjem til kort.  Nåden talar sant om synda og det vonde, og den forgjengelege sigerskransen har kortvarig glede.  
Til gjengjeld tek Jesus på seg heile ansvaret for frelsa, for å motta sigerskransen som aldri visnar.  Sånn sett ønskjer Jesus at heile laget skal vinne – alltid!





 

I dåpen er himmelen open

Søndagstankar frå Kjell Olav Høstaker Nordheim, sokneprest i Askvoll - for 3. søndag i treeiningstida

Har du fått vore med eit fly over skyene, og sett kor open og vakker himmelen er når den vidar seg ut i fantastiske nyansar av blått, lenger enn auga rekk, forgylt av sola? 
Men ein treng visst ikkje fly for å kjenne noko av det same. Kor godt det er dei dagane skydekket opnar seg, me ser dei lette blåfargane, og får kjenne varmt, gyllent lys nå oss! 
Nett no har me fleire slike dagar på rad, og mange av oss kjenner kor godt det kan gjera. 


Foto: Bo Mathisen

Glimt av himmel og sol kan gje både varme, håp og lindring. ”Lat meg få eit glimt av himmel” – ei bøn Sigvart Dagsland syng, og som mange kan gjere til si. I denne helga si bibelforteljing får me høyra om at Jesus bed sine læresveinar sleppa andre til, slik at dei skal få sjå himmelen open! 
Det er den kjende forteljinga om småborna som vart borne til Jesus, forteljinga me høyrer kvar gong eit lite barn vert døypt. 
Kanskje me kan kalla det «Den vesle Bibel om dåpen».

«Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.» (Mark 10,13-16)

Jesu løfte om at Guds rike høyrer slike til, er eit løfte om at Guds rike står ope for dei som kjem. Midt i denne lovnaden om open himmel plasserer Jesus seg sjølv, og både innbyd og utfordrar læresveinane og oss: ”Kom - og lat andre koma!” 
Seinare innbyd og utfordrar han også til å følgje han, og det høyrer også alltid med når det er dåp.  ”Følg meg!” seier Jesus – til eit fellesskap med han i livet, i døden og i oppstoda. 
Vi har ikkje noko sterkare uttrykk for dette forholdet – oss som læresveinar, han som meister – enn nettopp dåpen: ”Eg teiknar deg med det heilage krossmerket til vitnemål om at du skal høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til og tru på han.” 

I dåpen er himmelen open. Og så kling det med eit ”Følg meg!” – me kjenner det att i det som vert sagt om kvifor alt dette skjer: ”…slik at ho kan leva og veksa i den kristne trua.” 
Derfor har då også trusopplæringa alltid vore viktig i kyrkja, og derfor er det så viktig ei  satsing no og framover. 
Men dette gjeld ikkje berre born og unge: Her vert ingen utlært eller utvoksen, uansett kor mange dagar og år ein får. 
Eg trur det handlar om å øve seg på det heilt grunnleggande om att og om att: 

I Guds rike er dei minste dei største. 
I Guds rike gjeld tru, von og kjærleik – og størst av dei er kjærleiken. 
I Guds rike finst – for Jesu skuld – tilgjeving som stadig opnar verda og let noko nytt veksa fram. 
I dåpen er himmelen open, og Jesus seier: ”Følg meg.”
 

Du vår med ljose dagar, med lengting liv og song

Søndagstankar frå Reidar Knapstad, prost i Sunnfjord - for pinsedag

Livet her nord er knytt til dei skiftande årstidene og fyller dei fleste av oss med forventning og glede, men kanskje og med uro. Våren kom seint med tilbakefall av snø og kulde på 17.mai. Likevel er det vel den mykje omtalte koronaen, som har ført til mest uro og ulage. No har vi fått lempa på restriksjonane og kan samlast i familie og til gudsteneste og andre samlingar. Det er tid for å samlast og gle seg over sommaren med alt den har å gje til alt som lever.



Elias Blix var ein meister til å uttrykke den bibelske bodskapen om livet og håpet til det som rører seg i naturen gjennom dei skiftande årstidene, slik som i salmen: No livnar det  i lundar. «Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror.» Dersom vi syng alle dei 12 versestrofene, vil vi sjå at salmen er ein pinsesalme. «Så sende Gud sin Ande som dogg på turre jord. Då vakna liv i lande, då grøddest vent Guds ord.»

Guds Ande gjev og skapar liv i naturen og i hjarta vore: «Guds kjærleik er aust ut i hjarta vore ved Den heilage ande som han har gjeve oss.» (Rom 5,5). Difor kan vi frimodig gå framtida i møte i venting og takk for alt Gud gjev og skapar. Tida frå pinse og fram til advent vert kalla for treeiningstida, kvar ein sundag blir vi minna om det Guds ande skapar av liv og håp i samfunnet og i den einskilde av oss. Ved eit mistak sa ein av tekstlesarane treningstida, då Guds ord skulle lesast. Kanskje var det ikkje så dumt sagt? Målet er at vi skal leve og vekse i den kristne trua, slik det vert uttrykt ved kvar ein dåp. Då treng Anden få arbeide med oss gjennom heile året. Mange har sakna å kunne møtast regelmessig til gudsteneste til fornying av håp og tru. Difor er det ei stor glede at vi kan samlast til fellesskap i bygd og by. Så lat ikkje din plass stå tom når kyrkjeklokkene kallar til fellesskap og feiring.

Petter Dass, ein annan av salmediktarane her nord, har ei bøn som handlar om liv og vekst: 
«La livets kilde flyte, så ingen stanser den! La folkeslag seg fryde mens tiden farer hen! La lykkes Jesu navn, så vi vår vei kan finne inn i din faderhavn.» (Norsk salmebok 371 v.4)

God sommar!
 

DUA I KORSET

Søndagstankar frå Audun Systad, sokneprest i Hyllestad – for søndag før pinse

«Himmel & Hav» er eit fint kurs- og misjonssenter som ligg heilt nede ved Solastranda. Nordsjøen er næraste nabo, likeeins byane Stavanger og Sandnes.
For fleire år sidan, då eg var på eit studieopphald,  kjøpte eg ein spesiell trekross dei selde der. Innskrifta på ein lappe på baksida var denne: «Tjorakorset, ett av fleire steinkors som ble reist ved middelalderkirken på Sola, ca. på 900-talet. Ca 2m. høgt og 1,35 m bredt. «Dua i korset» S. Hagen»
I dette området kom tidleg dei første kristne impulsane frå vest til landet vårt. Ein av dei to krossane som står på kyrkjegarden på Tjora i dag, er forresten uthoggen i Hyllestad, noko ein ser av den særmerkte granatglimmerskiferen. Denne  har sannsynlegvis kunstaren teke utgangspunkt i. Det særmerkte ved trekossen er at øverst på den er det prega inn ei due som kjem ovanfrå.


Foto: AS «Dua i korset» 

På ein framifrå måte understrekar dette også teksten og bodskapen for søndag før pinse.
Joh.15,26-27: «Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. Men de skal og vitna, for de har vore med meg frå første stund»

Jesu avskjed og gjerning
Teksten er henta frå avskjedstalen til læresveinane, som Jesus heldt før han gjekk bort til kross og død. Den er lang, men svært innhaldsrik og omsorgsfull. Han vil trøyste urolege læresveinar, men han førebur dei og på at dei kjem til å møte motstand. Like fullt: Det vonde som skal skje ved at han må døy på krossen, det er uttrykk for ei stor gåve som Far vil gje til alle menneske gjennom Jesu gjerning. Dei to bjelkane i krossen, syner og to viktige retningar: Den himmelske gåva ovanfrå, og den gode bodskapen ut til heile vår jord! «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne…» (Joh.3,16).
Dua er Den Heilage Ande

Då Jesus tidleg i si gjerning vart døypt av Johannes, står det: «Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due» (Matt.3,16)
Liksom det er mange namn på Jesus i Bibelen, er det og mange namn på Den heilage Ande: Jesus nemner to berre her i den korte teksten: Talsmannen og Sanningsanden. «Kjært barn har mange namn» heiter det, og sjølv om pinse og den heilage Ande, kan vere litt diffus for mange, er det den som gjer Jesus stor for oss, og syner oss alt me har å takke Jesus for! Han er Talsmannen, som kan føre den gode sak for oss. Sanningsanden syner oss Guds gode vilje med liva våre, slik me møter den i Bibelen. Den gjev og gode frukter: «Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, truskap audmjukskap og sjølvdisiplin.(Gal.5,22). 

Luther sa det ein gong slik: «Anden si gjerning er å føre oss til Jesus og lære oss å tru på han» Då læresveinane fekk Den heilage Ande, skapte det ein brann i hjarta deira etter å vitne om Jesus. Denne brannen ønskjer Gud å skape gjennom sin gode Ande , også i dag.
Denne søndagen skal me få starte opp igjen med gudstenester i mange av kyrkjene våre Hos oss i Hyllestad  er minikonfirmantane særskilt inviterte. Dei skal få sjå ein liten video, som er laga av nokon som bur nær Solastranda: I sangen vert det sunge: Du har fått ei gåve. Del det du har! 
I dåpen vart me teikna med Jesu krossmerke, og me fekk den Heilage Ande. I verda me bur, kan me få dele tru, tid, ting me har fått, talent og evner, heiter det vidare i sangen.

I krevjande tider me no har, kan det vere ei bøn for oss på ny, at Gud kan vise oss alle dei gode skattane me har i trua. 
I den litt nyare  sangen, me skal synge søndag , kjem dette og så fint fram.

Som vinden stryk om mine kinn,
slik er han, Heilagandens vind
Han strøymer om meg, alltid nær,
han hjelper meg å leve her.
 
Lik lufta som eg andar inn,
slik er han, Heilagandens vind.
Han fyller kvart eit andedrag
og gir meg krefter dag for dag.
 
Og Andens frukt skal vere fred
og glede, kjærleik følgjer med,
eit trufast og tolmodig sinn,
det skapar Heilagandens vind.

Høyr, Anden blæs kvarhelst han vil,
i sterke kast, og mjuk og mild.
Kom blås og gi meg trua no,
lat Andens frukter i meg gro.

(NoS 521)             God helg!
 

Treet og greinene

Søndagstankar av Kjell Olav Høstaker Nordheim, sokneprest i Askvoll – for 5. søndag i påsketida. 
Evangeliet for søndagen står skrive i Johannes 15, 1-8: Det sanne vintreet. 

For noko tid sidan gjekk eg til fots ei vekes tid i Nord-Spania. Eg og følgjet mitt kryssa provinsen Rioja på tvers, rett vestover, og mykje av vegen gjekk mellom vinmarker. Det vart mange timar med høve til å betrakta vinstokkar. Korleis ser vintre ut? Dei var ikkje høgreiste, men breia seg utover frå stammen. Det var ikkje enkeltståande greiner, heller eit virvar av kvistar og blad som gjekk på kryss og tvers. Eit omfattande virvar. Men greinene på kvart enkelt vintre voks alle saman frå same stamme, og saman vart dei til denne fruktbare og tilsynelatande kaotiske heilskapen: Vintreet. 


Foto henta frå Pixabay.com. 

«Ver i meg, så er eg i dykk», seier Jesus til læresveinane den siste kvelden han er saman med dei før han skal lida og døy. Han prøver førebu dei på kor dei kan finna tøyst og hjelp i den krevande tida som skal kome etter at dei ikkje ser kvarandre lenger. Meir enn det, han snakkar med dei om korleis dei kan leva liv som ber frukt av kjærleik, sjølv om dei skal inn i vanskelege tider.

Jesus er ein meister når det gjeld å bruka bilete for å kaste lys over kva han meiner. Denne gongen nyttar han vintreet for å skapa bilete av kva han har på hjartet. For meg og sikkert for mange andre nordbuarar er det eit eksotisk bilete. For Jesus og hans samtidige, så var dette eit bilete som høyrde kvardagen til. Dei visste godt korleis det såg ut når vinbonden gjorde arbeidet sitt. Dei såg lett framfor seg eit vintre med greiner, kanskje tenkte dei på trea dei sjølve hadde nær huset sitt. 

Eg likar godt at når Jesus vil forklara noko som er så stort at det er vanskeleg å fatta, så grip han til bilete frå kvardagen. Han peikar ofte på at det heilt store ofte ligg gøymt i det vesle. Slik også denne gongen.  For eigentleg er det kjærleiken han snakkar om, Guds kjærleik. Korleis den kan kome til uttrykk og spreie seg mellom menneska. Og nøkkelen, slik Jesus seier det, er å høyre saman med han sjølv. 

Vi menneske treng å høyre saman med andre, vi er ikkje isolerte pakkar. Vi tilhøyrer samfunn og fellesskap, og vi fyller rollar og funksjonar for kvarandre. Vi påverkar og betyr noko for kvarandre. Så kan det godt henda at det ofte inneber ein del friksjon, og ikkje så reint lite kaos. Derfor tykkjer eg at Jesus sin tale om at me er vintre-greiner, er eit godt og trøystande bilete som kan setja mot i oss. For vintrea er ikkje harmoniske prydtre til å kvila auga på. Vintrea lignar mest buskas der kvistar og greiner går i alle retningar. Eit tilsynlatande virvar av liv, som ber frukt. 

Trass alt som skiljer, så er alle – i Guds kjærleik, ved trua på Jesus Kristus – greiner på det same treet. 
Eit Guds folk, ei kyrkje, som toler, som rommar og kan elska kvarandre. Fordi jordsmonnet, rota og stammen er den same. 

Dette plasserer oss inn i ein samanheng, som er der også når me må halda avstand til kvarandre. Den einskilde av oss står ikkje åleine. Me kan få tru at våre små liv, for Jesu skuld, er planta i eit jordsmonn av Guds kjærleik. 

Lat oss be: 
Livsens Gud, ved din Son Jesus Kristus 
har du oppretta ditt rike mellom oss. 
Vi bed deg: Bevar oss i trua på deg, 
og bevar oss i din kjærleik så vi kan bere frukt, 
til ære for deg og til glede for våre medmenneske. Amen. 


Salme for helga: Himlane kan ikkje romme
Sjå og lytt - Norsk Salmebok 2013, nr 288. 
Tekst: Trond Hellemo 2004. Melodi: Bjørn Andor Drage 2004

Himlane kan ikkje romme
deg i ditt heilage skrud.
Men vi ber deg å komme
inn i ditt hus, vår Gud.

Klodane kan ikkje bere
deg når du trør dine steg.
Men vi ber deg å vere
med oss når fram vi dreg.

Tallaust og utan ende
er dine tiders mål.
Takk at du dagar vil sende
drypande i vår skål.

I dine hender kviler
stjerner – som støv og sand.
Mot dine barn du smiler,
leier kvar veike hand.

Evige Far, som tronar
over all himmel og jord:
Ver du i ord og tonar
her i ditt land i nord!




 

OM EI LITA STUND

Søndagstankar av Knut Arne Kummeneje, sokneprest i Fjaler - for 4. søndag i påsketida  

Mitt ferieparadis i oppveksten var på småbruket til besteforeldra mine i Vest-Finnmark.  Det var alltid med stor sorg eg måtte forlate sommarparadiset for å ta til att på skulen.  Men det var litt trøyst å høyre Kirsti Sparboe si kraftfulle stemme ved ferieslutt: «En sommer er over, men vi skal ses igjen til neste år…». 

Dagen før sin død, førebur Jesus sine vener på at han skal forlate dei, men om ei lita stund skal dei få møte han att.  Dei skjønar ikkje kva han snakkar om.  Men nokre dagar etter får dei vite det – at han har stått opp av grava og sigra over døden.  Og 40 dagar etter, det vi i dag kallar Kristi Himmelfartsdag, tek den oppstadne Jesus eit endeleg farvel for å vende attende til sin Far, som han seier det.

Sidan har det gått 2000 år.  Bestemora mi pleide å seie at Jesus kjem snart.  Ho trudde orda til Jesus då han sa: «Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.»(Joh 14,3)  Ho døydde i 1989.  Kanskje blei ho tatt imot og kom til den staden Jesus hadde gjort klar. 

Foto: Gro Kummeneje

«Om ei lita stund..» (Joh 16,16)  Kan Jesus meine dette om tida etter Kristi Himmelfartsdag òg – at han skal kome om ei lita stund?  I gravferdsritualet kan vi lese frå salme 90:  «For tusen år er i dine auge som dagen i går då han fór framom, eller som ei nattevakt.  Lær oss å telja våre dagar så vi kan få visdom i hjartet!»  Tida er eit merkeleg fenomen – frå æve til æve.

Jesus sa:  «Eg har gått ut frå Far og er komen til verda.  No dreg eg bort frå verda att og går til Far.» (Joh 16,28)  «Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg.» (Joh 15,26)

Vi lever i Den Heilage Anden si tid.  Hos Johannes er han også omtalt som Talsmannen og Sanningsanden.  Eg hugsar då eg studerte, blei vi utfordra til å forklare kven Den Heilage Ande er.  For meg gav det mykje meining å omtale Den Heilage Ande som avløysaren til Jesus på jorda, Jesus usynlig til stades som bur i hjarta til menneska.  Slik Jesus sjølv seier det:  «Men Talsmannen, Den Heilage Ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.» (Joh 14,26)

Vi lever i kyrkja si tid.  Vi ventar.  Vi gjer det som Jesus sa.  Vi held gudsteneste.  Vi les frå Bibelen, om det Jesus vil vi skal gjere.  Vi døyper.  Vi feirar nattverd.  Mens vi ventar…

I denne tida er Jesus sitt nærvær usynleg for oss, men likevel nær overalt og i alle augeblikk.  Gjennom livet sine vekslingar.  Likevel er lengta der etter å få møte Jesus som han var før Kristi Himmelfartsdag.

Kyrkja er solidarisk med oss som er undrande og spørjande.  Kyrkja håpar.  Kyrkja trur.  Kyrkja byggjer opp.  Kyrkja gjer oss heile.  Kyrkja stoler på at det er nokon som kan bære oss.

«.., men eg skal sjå dykk att, og hartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.» seier Jesus. (Joh 16,22)




 

Den gode gjetaren

Helgetankar frå Audun Systad, sokneprest i Hyllestad – for 3.søndag i påsketida.

«Den finaste tida på året er i gang» stod det under eit lesarbilete i ei av lokalavisene nett i dag. Biletet synte eit nyfødd, lite lam. Sårbart, men uendeleg vakkert. Synet av det og mange andre under, fortel oss om livsprosessane som ikkje stansar, men som kan glede oss , også ein spesiell vår som denne. Nettopp komme inn frå ein tur ute, såg eg kusymra som blomstrar, påskeliljene i all si prakt, canadagåsa ved sjøen, og det vesle lammet i vår vakre natur denne flotte vårdagen!

«Vårens vakraste eventyr» .Det er ei overskrift me ofte ser på denne tida av året. Ikkje minst kombinert med bilete av kvitkledde konfirmantar på deira viktige høgtidsdag. Slik vert det ikkje denne våren. Konfirmasjonane er utsette. «Det var skikkeleg dumt», som ein sa, «akkurat i år»! Kor mykje gale kan eigentleg eit virus gjere? Spørsmåla står på rad og rekke i denne tida. Det er heilt naturleg. Det gjer dei for oss alle, meir eller mindre. Det er så mykje som er blitt endra på kort tid.

Er det ikkje noko som står fast? Ei hand å halde i? Ei livbøye i stormen? Ein kjepp og ein stav som kan føre meg på rett veg?

Kanskje teksten denne helga kan minne oss om noko viktig?

Nyfødd lam i Hyllestad: (Foto: Mel Dickson)

Teksten for søndagen står i : Joh 10, 11-18

«Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene». Slå opp og les! Jesus tok fram så mange fine bilete i si forkynning. Dei er og til deg og meg i dag, ja , ikkje minst i dag! Ei vill og utilgjengeleg øydemark, der farane låg på lur. Det var assosiasjonane for tilhøyrarane på Jesu tid. Å gå ved bratte stup og djupe vatn, kanskje nett nokon av oss kjenner på det i dag? Midt i det uendeleg vakre rundt oss, kan desse tankane våre komme nett no. Ei tid har me kjent litt på angsten for ulven her i bygdene våre. Plutseleg var den nærare enn på mest hundre år. Så vil eg ikkje legge opp til ein ulvedebatt her, berre peike på at biletet som Jesus brukar, det var kjent. Veldig kjent, i det samfunnet han levde i den gongen. Stamfedrane hadde vore gjetarar; så vel Abraham, som Moses og ikkje minst David. Han skreiv salme 23, den mest kjente av alle : «Herren er min hyrding» Ta og les! ( Som den vesle jenta sa til den då sekulære kyrkjefader Augustin. Det rådet endra livet hans!).

Bakgrunnen for Jesu forteljing var at så ofte hadde folket blitt svikta av dårlege hyrdingar og leiarar. Resultatet var at dei var blitt offer for det me i dag kan kalle omsorgssvikt, utbytte og det å bli oversett. Ein av profetane hadde sagt at ein gong skulle Gud sjølv syne seg som folket sin sanne gjetar: «Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.»(Esekiel 34,16). Jesus kom og oppfylte dei lovnadane då han gav seg sjølv for oss på krossen. Han sette livet til for oss! Han synte seg som sigerherren over dei vonde kreftene som vil øydeleggje: synd, sjukdom og død. Han stod opp igjen har vi på nytt fått høyre denne påska. Han er kyrkja sin Herre.

Kvifor kan han ikkje då avskaffe coronaviruset med ein gong? Dette er naturlege spørsmål, og ei heil verdsvid kyrkje ber for det. Det han gjer, midt i alt , denne tida, er å by oss inn til sitt gode samfunn, slik han alltid har gjort det: I krig, i pest, i forfølging, i gode og vonde dagar. Han veit om det som vil øydeleggje. I dag har vi digitale verktøy som aldri før. Dei kan knyte oss saman og vere til hjelp, men dei kan og øydeleggje, binde og innehalde farar og freistingar. Jesus, den gode gjetaren er og heldigvis tilkopla på nett. Hans gode ord kan me søkje oss til der. «Han fører meg til vatn der eg finn kvile». Så er og mange hans gode hjelparar, i omsorg for sjuke, med trøysta sine ord, som gjev håp og styrke.

Opp gjennom hundreåra har menneske før oss måtte leve med epedemiar, krig og mange spørsmål. Då har dei ofte stilt spørsmål: Kva kan gje oss fred og styrke midt i alt? For mange har svaret blitt: Den gode gjetaren som det er verd å følgje. For han var og er annleis enn alle andre; både Gud og menneske. Han gjev oss eit håp, som ikkje dødsrikeportane har makt over.

Så avsluttar eg her. 

Når talane kunne bli lange, og eg mest sovna, kunne eg kaste eit blikk opp på det bildet. Eit glansbilde vil nokon seie. Er vi ikkje ferdig med dei? Eller «kan det hjelpe å gå inn i historier som har gitt styrke til mennesker i snart to tusen år» (sitat frå leiar i VG påskeafta 2020). Ja, det trur eg, nett i desse corona-tider! Det finst ein som er annleis enn alle verdens leiarar og hyrdingar , som kan svikte, slik du og eg kan gjere og gjer. Det er orda hans vi lever av i kyrkja helg etter helg, år etter år. Måtte dei styrke oss og gje oss nytt mot nett no. God helg!


Ei bøn frå Norsk salmebok s.1185

NÅR OMSORGEN SVIKTER

Gud, du som har særlig omsorg for alle som lider;

Vi ber deg for barn og unge i landet vårt som ikke får den

omsorgen de trenger.

Vi ber for alle som blir oversett,

for alle som blir slått eller misbrukt

Send voksne i deres vei som ser og forstår, og som våger å hjelpe.

Åpne våre øyne, så vi ser og forstår og våger å hjelpe

(Finn Wagle)

 

Salme for helga: nr 482 i NoS:

Deg å få skode er sæla å nå,

Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;

ver du for tanken min dyraste skatt,

ljoset som strålar ved dag og ved natt!

 

Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,

tal du det levande ord med di røyst!

Far, lat meg vere barn her hjå deg.

Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!