Råd og utval

Askvoll sokneråd

Askvoll sokneråd er det folkevalde, kyrkjepolitiske styret i Askvoll sokn, som har samanfallande grenser med Askvoll kommune. Soknerådet sitt ansvarsområde er kyrkjebygga i sokna, graplassane, den lokale kyrkjeøkonomien og rådet har arbeidsgivaransvar for dei kyrkjeleg tilsette i soknet. Askvoll sokneråd er også den lokale gravplasstyresmakt. Soknerådet har vidare ansvaret for å "vekke og nære det kristelege livet i soknet".

Medlemmene i soknerådet er valde for fire år av gangen. For å ivareta den daglege drifta skal det vere tilsett ein dagleg leiar/kyrkjeverje som handlar på soknerådet sine vegner etterfullmakt. I inneverande valperiode er Askvoll sokneråd sett saman av:

Jostein Gryte (leiar) 
Wenche Ness Gabrielsen (nestleiar) 
Harriett Norstrand
Halldis Rørvik
Arne Fedøy
Aud Eldrid Frøholm
Ingvild Loftheim
Leif Jørgen Leknes
Terje Mork
Else Stølen
1. vara Karen Anny Espedal
2. vara Sissel Hege Igland
3. vara Eva Iren Landøy
4. vara Egil Helge Tjønneland
5. vara Arne Martin Tjugum

Stein Hugo Fykse (geistleg representant) Knut Arne Kummeneje (personleg vara)
Anne Grethe Lien (kommunen sin representant) Åge Guddal (personleg vara)

Dagleg leiar og sekretær for soknerådet er Rune Ziener
 

Soknerådsleiar


Soknerådsleiar Jostein Gryte
90938382
jostegry@gmail.com