Koronaviruset

Presteteneste og det kyrkjelege tilbodet i Askvoll sokn


For oppdatert informasjon om status for kyrkjeleg tilbod, kyrkjekontoret, konfirmasjonar og anna i Askvoll sokn, sjå denne sida.
Nedover på denne sida finn du oppdatert informasjon om kontakt og samtale, gudstenester, dåp, vigsle, gravferd, samt omsorg for sjuke og døyande.


KONTAKT OG SAMTALE
Kyrkja skal heile tida vere tilgjengeleg, sjølv om personlege møte ikkje er råd. Då må vi nytte telefon og internett, slik at ein kan treffe nokon å dele tankane med. Nabokontakt er også viktig. Kjenner du nokon som er mykje åleine, ta kontakt via telefon og tilby tid og merksemd. Å ha nokon å prate med er godt for alle.

Treng du nokon å snakke med, kan du i Askvoll sokn ringe soknepresten på telefon 482 43 056.
Du kan òg ta kontakt med Kirkens SOS på telefon 22 40 00 40 eller
melding / chat.
Born og unge har ofte mange spørsmål i krisetider. Dei kan nytte kontaktane ovanfor, eller gå inn på denne sida.
Om du vil melde deg som frivillig for å avhjelpe ulike behov i Askvoll, sjå gruppa Askvoll hjelper Askvoll på Facebook for meir informasjon.

GUDSTENESTER I ASKVOLL SOKN

I TIDA MED KORONATILTAK HAR VI FØLGJANDE TILBOD:
- Andaktar og kort Gudsteneste-videoar vert lagt ut kvar søndag på denne nettsida (Klikk her) https://vimeo.com/user110095037
- Søndagstankar frå ein av prestane i Askvoll, Fjaler eller Hyllestad vert lagt ut kvar helg her. http://www.askvoll.kyrkja.no/Søndagstankar
-«OPEN KYRKJE», som føljger oppsett gudstenesteplan. 
-Nrk har som vanleg gudstenester på radio, desse går for tida også på NRK2.

Opne kyrkjer
Ved open kyrkje gjeld antalsbegrensning (maks 5 om gongen), avstandsbegrensning (min 2 meter)
og elles gjeldende restriksjonar og hygienereglar.
Open kyrkje er eit tilbod for deg som ynskjer høve til musikk, lystenning, stille og bøn i kyrkjerommet.


PRESTETENESTA
 

DÅP
Vi tek imot påmeldingar til dåp, den vil kunne gjennomførast som eiga samling med næraste famile til stades, men maks. 25 personar og med gjeldande reglar om avstand og ut frå omsyn til smittevern. 
For å melde dåp, ta kontakt med kyrkjekontoret.


GRAVFERD
Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 25 personar som skal ha minst to meter avstand mellom kvarandre. Kommunelegen kan i nokre tilfelle setje strengare grenser. Til alle som derfor ikkje får delta i gravferd, vil vi gjerne minne om at det er mange måtar å syne deltaking på. Dei pårørande treng støtte også i tida etter gravferda. Det kan vere blomar, helsingar, telefonkontakt eller anna.


VIGSEL
Vigsler (bryllup) kan gjennomførast med dei næraste til stades, på same måte som ved dåp eller gravferd. 


GUDSTENESTER OG SAMKOMER – i første omgang avlyst fram til og med 15. juni.
Kyrkja sitt tilbod er svært endra i denne tida. Likevel kan du tenne lys og be digitalt, og du kan prate med nettprestar. Oversikta på Fellesskap i lystenning, bøn og samtale vert halden oppdatert, og syner til digitale felleskap der vi kan vere kyrkje både i kvardag og krise, der vi er. På Søndagstankar kan du lese andaktar.
Du kan bli med i bønefellesskap kvar kvardag kl 12 i tida framover. Gå inn på sida til Bjørgvin bispedøme, som då overfører ei bønestund med ein kort andakt. Ta del i lystenning og bøn der du er.

OMSORG FOR SJUKE OG DØYANDE
Om nokon ynskjer nattverd eller samtale i samband med alvorleg sjukdom, omsorg for døyande eller for familien deira, ligg det i soknepresten sitt ansvar å møta dette behovet, også i ein situasjon som no, Slike behov vil bli følgde opp i tråd med gjeldande reglar for å unngå smitte og smittespreiing, og i samråd med kommunelegen. Ta kontakt med soknepresten på telefon 482 43 056 for å melde frå om behov.


BØN I EI VANSKELEG TID
Herre Jesus Kristus,
Du lækte sjuke og tok deg av dei som var hjelpelause.
Vi kjenner oss hjelpelause i denne kritiske tida for menneske i heile verda.

Ta deg av dei som er smitta og dei som er sjuke. Lat dei få att helsa.
Beskytt dei som har lågt immunforsvar, frå å verte smitta.
Kom med din fred til dei som er redde.

Verna dei som arbeider i helsevesenet og omsorgstenestene, så dei ikkje vert smitta.
Vi bed for skuleelevar, familiar og verksemder som vert ramma hardt av denne epidemien.
Gje visdom til styresmaktene i Askvoll kommune, i Noreg og i verda til å handtere denne situasjonen.
Hjelp oss å få kontroll over spreiinga av corona-viruset.

Miskunna deg over oss, Herre Jesus.

Du skal ikkje frykta for redsler i natta,
for piler som flyg om dagen,
for pest som fer fram i mørkret,
for plage som herjar ved middagstid.

Salme 91, 5-6