Koronaviruset

TILTAK I HØVE SMITTEFØREBYGGING MOT KORONAVIRUSET - ASKVOLL SOKN.


Dei tiltaka vi gjer er førebyggjande, og formålet er å hindre at menneske vert smitta av viruset.
Askvoll sokn vil lytte til og etterkomme dei råda Folkehelseinstituttet og kommunelegen gir. Situasjonen vil verte fortløpande vurdert, og våre tiltak kan verte endra på kort varsel.

Her er vår lokale smittevernplan for gudstenester og kyrkjelege handlingar (vedteke 14.05.2020).

Slik vert vårt tilbod påverka:

Konfirmasjonsgudstenestene:
Alle planlagde konfirmasjonsgudstenester denne våren er utsett til september.
Sjå datoversikt her.

Gravferder/vigsler:
Gravferder vil gjennomførast som vanleg, men det vert gjort ei særskilt risikovurdering i forkant av kvar gravferd, og ein vil framleis ha smitteverntiltak.
Per 7. mai og inntil vidare vert maksimaltalet deltakarar (utanom bemanning) sett til 50 personar i kyrkene og på gravplassane.
Her er likevel ein regel om avstand på minimum 1 meter mellom kvar deltakar, og dette overstyrer maksimaltalet på 50 personar, så her vil ein vurdere kvart enkelt kyrkjerom.

Gudstenester:
Vi tek sikte på å gjenoppta vanlege gudstenester i soknet frå 23. mai.
Her vil det komme nokre justeringar i forhold til tidlegare kunngjorte gudstenesteplan.
Meir informasjon om dei kommande gudstenestene kjem truleg neste veke (veke 20), for vi må lage forsvarlege smittevernplanar for gudstenesteaktiviteten.

Dåp:
For oppsett dåp i gudstenestene framover, vil vi ta kontakt for å finne ei løysing for desse.
Alle er velkomne til å melde inn dåp.

Andre arrangement og aktivitetar:
Askvoll kyrkjekor:
Korøvingane i Askvoll kyrkje er gjenopptekne, men med avstandsreguleringar og maksimaltal.

Kyrkjekontoret:
Kyrkjekontoret vil ikkje vere ope for publikum frå 16. mars.
Kontakttelefon for kyrkjekontoret er: 479 63 319 (til kyrkjeverje) og 918 74 724. 
E-post: post@askvoll.kyrkja.no