Gravferd

 

05.03.2014

Praktisk informasjon

Kyrkjekontoret i Askvoll legg til rette for at gravferd kan gjennomførast på ein verdig måte. Dei fleste som syter for ei gravferd vel å engasjere eit gravferdsbyrå. Om ein gjer det, vil gravferdsbyrået ta den nødvendige planlegginga, og gjere dei nødvendige avtalar med kyrkjekontoret.

Tidspunkt for gravferda
Gravlegging skal skje seinast 10 virkedagar etter dødsfallet dersom avdøde ikkje vert kremert. Tidspunkt for gravferd vert fastsett av kyrkjeverja etter avtale med den som syt for gravferda eller gravferdsbyrå.

Rett til å syte for gravferda

Det er dei næraste etterlatne til avdøde som har rett til å syte for gravferd. Gravferdsloven fastset retten til å syte for gravferd i slik rekkjefølgje; ektefelle, barn, foreldre, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. Hvis det før dødsfallet er sett fram skriftleg erklæring om kven som har denne retten, skal denne ha fortrinnsrett.

Grav

Alle innbyggjarar i Askvoll kommune har rett til fri gravlegging og fri grav. Ein kan velje fritt kva gravplass i kommunen ein ønskjer gravlegging. Kyrkjeverja tilviser grav. Ein har høve til gjenbruk av eksisterande grav under vilkår av at grava ikkje er freda, og at festar samtykkjer i at grava kan opnast for gjenbruk. Askeurne kan likevel setjast ned i freda grav.

Kremasjon
Dei aller fleste som vert gravlagt i Askvoll vert gravlagt i kiste. Det er høve til å velje kremasjon, og Askvoll sokn vil ved kremasjon refundere inntil kr 5.000,- av kremasjonsavgifta. Dette gjeld berre når avlidne var folkeregistrert busett i Askvoll kommune.

Utanbygds gravlegging

Også personar som ikkje var busett i kommunen kan gravleggast her, men det vert då kravd avgift for gravfeste, kiste- eller urneavgift, samt seremoniavgift hvis ein skal ha kyrkjeleg seremoni i samband med gravlegginga.

Ta kontakt med kyrkjekontoret i Askvoll om du har spørsmål knytt til gravferd.

Lenkje til vedtekter for gravplassane i Askvoll kommune.

Lenkje til avgifts- og betalingssatsar for Askvoll sokn.