Askvoll sokn > Artikler > Nyheter

Konfirmasjon

 

05.03.2014

Ny datoplan for konfirmasjonane. Merk her at det framleis kan komme endringar!

Vilnes kyrkje Laurdag 12.09.2020 kl. 11.00
Askvoll kyrkje Søndag  13.09.2020 kl. 11.00
Værlandet kapell Laurdag 19.09.2020 kl. 10.00
Bulandet kapell Laurdag 19.09.2020 kl. 12.00
Stongfjorden kapell Søndag  20.09.2020 kl. 10.00
Kvammen kapell Søndag  20.09.2020 kl. 12.00
Holmedal kyrkje Søndag  27.09.2020 kl. 11.00


Her finn du konfirmasjonsdatoar for seinare år (klikk her)

Kjære ungdom og foreldre/føresette!

Med dette vert du invitert til å vere med på konfirmasjonstida i Askvoll for året 2019-2020 med konfirmasjonsgudsteneste på vårparten neste år. Vi håpar du har lyst å vere med!

Som konfirmant vert du betre kjend med oss som arbeider i kyrkja og kyrkjelyden. Men vi ønskjer aller mest at du skal bli betre kjend med Jesus Kristus. Vi vil fokusere på dei ”STORE” spørsmåla; om Gud, om trua og mennesket, livet og døden. Dessutan vil vi diskutere mange etiske tema og dei vala vi gjer i livet. I løpet av konfirmasjonstida, som er om lag 60 timar, skal vi gjere og vere saman om mange ting.

Alle samlingane er i Askvoll kyrkje onsdagar kl. 18.00-20.30.

Haust 2019   Vår 2020
onsdag 25. september (obs! ny dato)   onsdag 26. februar (obs! ny dato)
onsdag 16. oktober   onsdag 11. mars (obs! ny dato)
onsdag 13. november   onsdag 15. april


Helga 18.-20. oktober, fredag til søndag, skal konfirmantane reise på konfirmanthelg til Nesholmen i Gloppen.

Fredag 25. oktober reiser konfirmantane til Førde på Nattcup.

Fasteaksjonen er ein dør-til-dør-aksjon der konfirmantane samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Neste år vil aksjonen vere måndag-tysdag 30.-31. mars 2020. Bøsseberaren vel sjølv den dagen det passar.

I løpet av året må konfirmantane delta på til saman 10 gudstenester – også som medliturgar saman med presten.

Den obligatoriske temagudstenesta vil vere søndag 15.mars kl. 17.45 i Askvoll kyrkje for alle konfirmantane i soknet.  (Avlyst)

 

Konfirmantar som ikkje er døypt, kan bli døypt i løpet av konfirmasjonstida. For å bli konfirmert, må ein vere døypt. Viss dette er aktuelt, berre ta kontakt med oss.

Eigenbetaling for konfirmantåret er kr 1000,-. Dette er med og dekkjer utgifter til nattcupen og konfirmanthelga på Nesholmen.

 

Skal opplegget fungere, krevst det at kvar konfirmant er villig til:

- Å gå inn for å få mest mogleg ut av konfirmasjonstida.
- Å fylgje opplegget så langt som råd.

Til hausten er gudstenestene med konfirmantpresentasjon desse søndagane:
01. september kl 11.00 i Holmedal kyrkje
01. september kl 15.00 i Kvammen kapell
08. september kl 10.30 i Bulandet kapell
15. september kl 11.00 i Vilnes kyrkje
15. september kl 15.00 i Askvoll kyrkje

Dei konfirmantane som høyrer til desse gudstenestestadene, møter på desse tidspunkta.
Konfirmantar frå Stongfjorden møter i Kvammen eller Askvoll, og dei frå Værlandet møter i Bulandet.

Konfirmasjonsgudstenestene våren 2020 er sett opp slik: (Desse er utsett)

Holmedal kyrkje søndag 26. april kl 11.00
Askvoll kyrkje søndag 03. mai kl 11.00
Vilnes kyrkje laurdag 09. mai kl 11.00
Værlandet kapell laurdag 23. mai kl 10.00
Bulandet kapell laurdag 23. mai kl 12.00
Stongfjorden kapell søndag 24. mai kl 10.00
Kvammen kapell søndag 24. mai kl 12.00

 

Vi ser fram til å bli betre kjent med deg! Velkommen som konfirmant 2019-2020.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål om konfirmasjonsopplegget.

Beste helsing

Kyrkja i Askvoll

Elektronisk påmeldingsskjema til  konfirmanttida i Askvoll finn du her. 
Påmeldingsfrist 13. august