Dåp

 

05.03.2014

Velkommen til dåp

Når eit barn blir født sender kyrkjekontoret ut orientering om, og invitasjon til dåp så lenge foreldra er medlem av Den norske kyrkja. Kyrkja i Askvoll ønskjer alle velkommen til dåp.

Namneval
Folkeregisteret skal godkjenne namneval og utsteder fødselsattest for barnet med namn og personnummer. Fødselsattest skal forevisast presten i dåpssamtalen som finn stad før dåpen.

Ønskje om dåp
Dersom ein ønskjer å døype barnet, må ein ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid og stad for dåpssamtale og i kva gudsteneste ein ønskjer dåp. Ein bør sjå gjennom gudstenestelista som ligg både på framsida her på nettstaden og dessutan i kyrkjeblad for Askvoll. Det er høve til å ha dåp i dei fleste gudstenester, men dette må avtalast med kyrkjekontoret i forkant.

Dåp utanfor heimesoknet
Sjølv om ein ønskjer dåp utanfor Askvoll, må ein kontakte kyrkjekontoret her for å gjere avtale om dåpssamtale. Dåpssamtalen skal nemleg finne stad i det soknet barnet er busett, sjølv om dåpen skjer ein annan stad. Etter dåpssamtalen sender kyrkjekontoret melding til den kyrkjelyden som står for sjølve dåpshandlinga.

Fadrar
Barnet skal ha minst to fadrar, men ein kan ha opp til seks stykker (foreldre er ikkje fadrar). Fadrane skal vere fylte 15 år, og skal normalt vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert sendt ut eigen informasjon til fadrane om kva ein forpliktar seg på ved å seie ja til å vere fadder. Fadrane får eit viktig ansvar: "Å be for barnet, lære det sjølv å be, og hjelpa det til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at det kan verta verande hjå Kristus når det veks opp, liksom det ved dåpen vert sameint med han" (frå Den norske kyrkja sin dåpsliturgi).Dåpssamtalen

Før barnet vert døypt, skal ein ha dåpssamtale med presten. Som regel kjem presten på besøk i heimen, men av og til kan det høve å ta samtalen på kontoret. I samtalen snakkar ein saman om:
- kva dåpen er
- korleis dåpshandlinga går føre seg
- korleis kyrkja kan hjelpe med å gi barnet ei kristen oppseding

Dåpsgudstenesta
Dåpen skjer i ramma av ei ordinær gudsteneste i soknet. Dåpen er ei kyrkjeleg handling, så derfor vert heile kyrkjelyden involvert. Ein bør vere varsam med å bruke blitz under sjølve dåpshandlinga. Dette vil ein uansett få rikeleg høve til ved døypefonten etter gudstenesta, der alle kan stille seg opp, så ein kan ta gode bilete i fred og ro.Med dette ønskjer vi i kyrkja i Askvoll velkommen til kyrkje og dåp. Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret om det er noko de lurar på.