Her vert fortløpande oppdateringar kring kyrkjevalet 2015 publiserte, både nyhende og lenkjer til aktuelle dokument. Her finn ein også alle kunngjeringar knytt til valet.

15.09.2015: Valresultat kyrkjevalet 2015 er klart. Klikk her for å sjå valresultatet.

07.05.2015: Kandidatlista for soknerådsvalet 2015 vert godkjent av Askvoll sokneråd. Klikk her for å sjå kandidatlista.

23.02.2015: Konstituerande møte i nominasjonskomitéen. Kari Berit Ness er leiar og Ragnhild Holmelid er valt til nestleiar i nominasjonskomitéen. Klikk her for nominasjonsannonse.

12.02.2015: Kunngjering av fullstendige krav til kandidatliste. Klikk på lenkje.

14.01.2015: Askvoll sokneråd oppnemner Ragnhild Holmelid som medlem i nominasjonskomitéen (suppleringsvedtak).

12.12.2014: Her er lenkje til regelverk for kyrkjevalet (fastsett av Kyrkjemøtet 08.04.2014)

04.12.2014: Askvoll sokneråd oppnemner ein nominasjonskomité sett saman av Kari Berit Ness, Jarl Løvik, Magnar Hillersøy. Komitéen vert supplert med fleire medlemmer i neste soknerådsmøte. Komitéen (med forslagsstillarar) skal levere si liste til valstyret seinast 01.05.2015.

20.10.2014: Askvoll sokneråd vel Jorunn Ringstad som leiar av valstyret. I samme møte vert valteamet (valstyret sitt arbeidsutval) etablert, med medlemmene Jorunn Ringstad, Ole Andreas Myrstad og Rune Ziener.